Hopp til innhold
X
Innhald

Marine Le Pen

Marion Anne Perrine Le Pen, kjend som Marine Le Pen, er ein fransk politikar. Ho er president i det høgrenasjonale partiet Front National (FN) og medlem av EU-parlamentet. I 2017 er ho den leiande kandidaten på høgresida ved valet til president i Frankrike. 

Marine Le Pen er fødd 5. august 1968 i eit besteborgarleg område av Paris, Neuilly-sut-Seine. Ho er yngste dotter til grunnleggjaren og den mangeårige leiaren for Front National, Jean-Marie Le Pen. Ho blei medlem av partiet i 1986, har vore lokalpolitikar sidan 1998 og medlem av EU-parlamentet sidan 2004. Ho blei vald til president i partiet i 2011 og følgde då etter faren. I 2012 stilte ho til val som president i Frankrike og kom på tredjeplass, med vel 17 prosent av røystene.

I ei rekke vurderingar i internasjonal presse er Marine Le Pen blitt plassert mellom dei mektigaste politikarane i EU og Frankrike. Men den politiske innverknaden hennar er helst indirekte, gjennom at ho er den fremste av dei høgrepopulistiske leiarane i Europa.

Le Pen opplevde to katastrofar medan ho var barn: Ei bombe eksploderte ved huset deira natt til 2. november 1976. Marine sov, men blei vekt av kulden. Både ho og dei to søstrene hennar kom frå det utan skade, det same gjaldt foreldra. Men bygarden der dei budde, blei sterkt øydelagd. Marine var då åtte år, og ho plar seie at det vekte henne politisk. Attentatet er aldri blitt oppklart, men var ikkje det første Jean-Marie Le Pen var utsett for.

Den andre katastrofen kom åtte år seinare: Mora, Pierrette Le Pen, reiste frå familien etter at ho hadde forelska seg i ein journalist. Det blei ei dramatisk skilsmisse, og det gjekk ut over skulearbeidet til Marine. Lenge visste ho ikkje ein gong kvar mora budde.

Etter vidaregåande skulegang studerte Marine jus ved Université Panthéon-Assas i Paris og blei registrert som advokat i 1992. Ho arbeidde som advokat fram til 1998, då ho gjekk over til fast jobb som leiar av den juridiske avdelinga i Front National.

Heim og partihovudkvarter

Marine blei fødd inn i politikken. Huset familien budde i, var både heim og partikontor. Faren var ein høgprofilert politikar, med ytterleggåande standpunkt i innvandringsspørsmål og kulturspørsmål. Han målbar antisemittiske og antimuslimske synspunkt, var for dødsstraff, mot abort og hylla landsforrædaren under den tyske okkupasjonen, marskalk Pétain.

Marine Le Pen har frå første stund arbeidd for å auke partiet sin innverknad i fransk politikk. Derfor måtte partiet få fleire veljarar. Ho sette seg som mål å «avdemonisere» partiet og fjerne dei verste ekstremistiske trekka som faren representerte. Ho ville gjere Front National til eit folkeparti. Slik har ho fått ord på seg for å vere meir demokratisk enn faren. Og her har ho lykkast. Under henne femner partiet breiare og får oppslutnad både frå veljarar som tidlegare røysta meir moderat-konservativt og republikansk og frå veljarar som før har røysta sosialistisk. Partiet blir sett på som arvtakar etter gaullismen frå 1950- og 1960-åra og har jamt ein oppslutnad på over 20 prosent.

Denne politiske snunaden førte til at Marine kom i konflikt med faren. Etter ein opprivande strid om den politiske linja, blei Jean-Marie Le Pen kasta ut av partiet i 2015. I 2016 gjekk han til rettssak for å gjere om eksklusjonen, men retten gav partiet medhald.

Auka representasjon

Normaliseringa av partiet har gjort at FN har fått meir seriøse kandidatar til dei ulike vala. Organisasjonen er også meir straumlinjeforma og meir lik andre parti, i motsetnad til situasjonen under Jean-Marie Ler Pen. Partiet har etter kvart fått ei rekke kommunepolitikarar og frå 2014 ei gruppe på 20 i EU-parlamentet. Det er den tredje største partigruppa i denne perioden. Men i det franske parlamentet har valordninga sytt for at det berre er éin FN-representant, niesa til Marine, Marion Maréchal-Le Pen. Ho blei vald 22 år gammal og er den yngste representanten som nokon gong er vald til det franske parlamentet.

Partiet sin politikk under Marine Le Pen er framleis nasjonalistisk. Ho hyllar prinsippet om «préférance nationale», det vil seie at franskmenn skal gå føre personar utan fransk statsborgarskap både ved offentlege tilsetjingar og ved tildeling av velferdsgode. Ho snakkar ofte om farane som innvandringa representerer. Innvandrarane har skulda for mange av dei problema Frankrike har, meiner ho. Derfor vil ho kutte sterkt i talet på dei som får kome inn i landet. Ho er kritisk til globaliseringa og er imot frihandelsavtalane CETA og TTIP, som er forhandla fram mellom EU og USA. Ho står for det ho kallar ein «intelligent proteksjonisme».

I motsetnad til faren er Marine ikkje nokon holocaust-nektar. Ho spelar òg på at ho er ei skilt mor og har greidd å auke oppslutnaden frå kvinner monaleg, slik at det er om lag like stor prosentdel kvinner som menn som støttar partiet. Partiet er ikkje lenger imot abort og støttar homofile sin rett til å bu saman på lovleg vis. Men i valkampen i 2017 sa ho at ho ville fjerne lova om ekteskap for homofile. Jamvel om desse politiske justeringane er klare, har analytikarar slått fast at det ikkje er stor skilnad på den politikken faren stod for, og den Marine Le Pen står for no. Det er innpakkinga som er annleis. Når det gjeld EU, er ho for at Frankrike skal gjennomføre folkerøysting om medlemskapen, og at den franske franc-en skal gjeninnførast og erstatte euroen. Nasjonalt er ho for å bruke subsidiar til næringslivet og vil gi statleg støtte til dei som er sosialt og økonomisk underprivilegerte. Ho vil òg ha foreldrelønn og lågare pensjonsalder for kvinner som får minst tre barn.

Uryddig privatliv

Le Pen gifta seg i 1995 med ein næringslivsmann, Franck Chauffroy, fekk tre barn med han, og skilde seg i 2000. I 2002 gifta ho seg med Eric Lorio, som hadde vore mellom leiarane i FN. Ho skilde seg frå han i 2006. Frå 2009 har ho hatt eit sambuar- og særbuarskap med Louis Aliot, som òg har vore funksjonær i partiet.

Tilhøvet til EU er problematisk for Le Pen etter at det blei oppdaga at partiet hennar hadde brukt 300 000 euro av midlar frå EU-parlamentet på partiet sin presidentvalkamp i 2016–17. Marine Le Pen har nekta for dette, men har ikkje vilja late seg avhøyre om saka.

Marine Le Pen er mellom dei mest kjende politikarane i Europa og står i ei rekke av høgrepopulistar som dei siste åra har sendt sjokkbølger gjennom europeisk politikk. Dei har lykkast med å fange opp veljarrørslene som spring ut av høg arbeidsløyse og stor innvandring frå muslimske land. Tyngda av dei som røystar på Front National i Frankrike, er busette på landsbygda, har låg inntekt og lite utdanning. Oppslutnaden til dømes i Paris er på under fem prosent. Marine Le Pen er den fremste mellom dei høgrepopulistiske leiarane i Europa. Ho har politisk basis i EU-parlamentet og i lokalpolitikken. Men ho har klare ambisjonar om å påverke fransk politikk og har som sitt fremste mål å bli president i landet. Men både ved presidentvala og i parlamentsvala har ho valsystemet mot seg. Berre det at ho og partiet er med, er likevel eit trugsmål mot dei andre partia og ei påminning om kva som rører seg på grasrota.

Kjelder

Elin Sørsdal og Alf Ole Ask: Marine Le Pen og høyrepopulismen i Europa. Oslo 2017

Øystein Kløvstad Langberg: «Helt ulike verdenssyn», artikkel i Aftenposten 25. april 2017

Charlotte McDonald-Gibson: «Ever more divided union», Time 20. mars 2017

The Economist: «Briefing French Politics: Fractured», 4. mars 2017

Først publisert: 06.05.2017
Sist oppdatert: 06.05.2017