Hopp til innhold
Marita Liabø. Foto: Tove K. Breistein / Samlaget.
Marita Liabø. Foto: Tove K. Breistein / Samlaget.
X
Innhald

Marita Liabø

Marita Burmann Liabø, forfattar, omsetjar og tekstar i NRK som skriv barnebøker og sosialrealistiske romanar på både nynorsk og bokmål.

Marita Liabø er fødd 26. juli 1971 i Førde og er busett i Oslo. Ho er utdanna cand.philol., med hovudfag i engelsk frå Universitetet i Bergen i 1996, har norsk og litteraturvitskap i fagkrinsen og tok praktisk-pedagogisk utdanning i 2006. Ho har arbeidd i hotellbransjen, i Posten, som lærar, med utdanningsforsking og er no tekstar i NRK.

Ho debuterte i 1999 med romanen Tempus Fugit, og 2000 kom Brytning. Begge romanane er seriøse og samfunnskritiske og handlar om forholdet mellom mann og kvinne. Romanen Han liker meg (2001) handlar om menneskeskjebnar, medan Mafia (2004) handlar om backpackarar og rollespelet Mafia.

Etter fire romanar på bokmål kom dei neste på nynorsk. Pusteproblem (2014) handlar om ei kvinne som er i ferd med å miste kontrollen over livet sitt. Under brua (2006) er ein humoristisk og intelligent kjærleiksroman. Romanen Hoppe naken (2007) er ein frittståande og humørfylt etterfølgjar, karakterisert som ei blanding av ei vestlandsk folkelivsskildring og ein utviklingsroman.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video: Marita Liabø les frå romanen Under brua, NRK Skole

Barnebøkene Vida Vagabond blir haimat (2009) er eit reiseeventyr, og Jenny blir knallhard (2010) handlar om å utfordre seg sjølv. Liabø har òg omsett fleire bøker frå engelsk, mellom anna barneboka Du er en fæl mann, herr Grim (2009) av Andy Stanton og fleire av fantasybøkene til Terry Pratchett.

Kjelder

Intervju med Marita Liabø, Bergen Offentlige Bibliotek avd. Vestlandsforfattere, sist oppdatert 23.9.2010, http://bergenbibliotek.no/litteratur/vestlandsforfattere/intervju-med-vestlandsforfattere-1/liabo-interv [lesedato 19.9.2011]

Marita Liabø, personleg nettstad, http://home.gethome.no/marita/ [lesedato 19.9.2011]

Red.: «Marita Liabø», snl.no, sist oppdatert 27.11.2009, http://www.snl.no/Marita_Liab%C3%B8 [lesedato 19.9.2011]

Peikarar

Bokmeldingar om Marita Liabø sine bøker


Først publisert: 19.09.2011
Sist oppdatert: 01.08.2018