Hopp til innhold
Martin Linge, fotografert rundt 1930. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum CC BY 4.0.
Martin Linge, fotografert rundt 1930. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum CC BY 4.0.
X
Innhald

Martin Jensen Linge

Martin Jensen Linge, skodespelar og motstandsmann. Han organiserte "Kompani Linge" under andre verdskrig.

Martin Jensen Linge, var fødd 11.desember 1884 i Norddal i Møre og Romsdal og fall i Måløyraidet 27. desember 1941. Martin Linge var skodespelar, seinare offiser og ein viktig motstandsmann under andre verdskrig. Linge var med i krigen i Noreg som kaptein, men vart såra og evakuert til England. Her organiserte han spesialavdelinga Norwegian Independent Company No. 1, som vart kalla Kompani Linge. Martin Linge fall i Måløyraidet i desember 1941.

Linge vart tildelt Krigskorset med sverd post mortem og den britiske krigsdekorasjonen Distinguished Service Cross.

Kronprins Olav avduka ein minnestein over Martin Linge, på heimgarden Linge i Valldal i 1946. I 1966 vart det avduka eit monument over Linge i Måløy, der han fall.



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2016
Sist oppdatert: 24.05.2017