Hopp til innhold
May Grethe Lerum og dåverande leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, i samband med at Lerum vart tildelt stipend frå Noregs Mållag i 2014. Foto: noregsmallag, Flikr.com CC BY 2.0.
May Grethe Lerum og dåverande leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, i samband med at Lerum vart tildelt stipend frå Noregs Mållag i 2014. Foto: noregsmallag, Flikr.com CC BY 2.0.
X
Innhald

May Grethe Lerum

May Grethe Lerum er forfattar, litteraturkritikar og journalist. Forfattarskapen hennar spenner vidt, med hovudvekt på historiske romanseriar.

May Grethe Lerum er fødd 5. mai 1965 i Sogndal og er busett i Oslo. Ho har examen artium frå Hallingdal gymnas i 1983. Alt som gymnaselev skreiv ho for Drammens Tidende, og ho har seinare vore tilsett som journalist i Hallingdølen, VG og NRK. Ho har òg vore spaltist for ei rekkje aviser og magasin. I 2015 vart ho tilsett som prosjektredaktør i Aller Forlag. Lerum har vore fast litteraturmeldar i VG sidan 1996.

 

Som forfattar debuterte Lerum i 1988 med dokumentarbiografien Synsk. Historien om Ivar Flatmo fra Hallingdal. Den skjønnlitterære debuten kom i 1993, med dei første bøkene i serien Livets døtre. Heile seks bøker i serien kom ut dette året, og til saman 35 bøker vart utgitt fram til 1998. Handlinga i Livets døtre er lagt til 1600- og 1700-talet, og bøkene har detaljerte, historiske skildringar som ligg nær opp mot røyndomen. Handlinga går i hovudsak føre seg på Lerum sine slektsgardar på Vestlandet og skildrar det gamle bondesamfunnet. Ei rekkje sterke kvinner er dei handlande hovudpersonane. Forfattaren tematiserer kvinnesolidaritet i skildringa av krevjande liv. Ein raud tråd i serien er bruken av primitiv plantemedisin.

 

Trilogien Solstorm, utgitt i 2011–13, er ein thrillerserie for ungdom. Bakteppet for handlinga er ein solstorm som får katastrofale konsekvensar. Høgspentnettet vert øydelagt, og elektrisitetsforsyninga forsvinn. Vi følgjer ein familie i Fredrikstad gjennom ei rekkje dramatiske hendingar. Den første boka i trilogien, Himmelslør, vart nominert til Uprisen som årets ungdomsbok i 2011.

 

Lerum nyttar både bokmål og nynorsk i tekstane sine. Mellom anna er samtidsromanen Ingerid F. (1998) skriven på nynorsk. I tillegg til fleire romanseriar og omfattande journalistverksemd har forfattaren òg publisert dikt, og ho har hatt bidrag i novelle- og essaysamlingar. Lerum er ein av dei mestseljande forfattarane i Noreg. Bøkene i serien Livets døtre vart selde i 2,5 millionar eksemplar, og seriane hennar er omsette til ei rekkje språk.

 

Kjelder

Harriet Karoliussen: Populære forfattere – May Grethe Lerum. Oslo 1999. Digital utgåve Nasjonalbiblioteket, nb.no: http://www.nb.no/nbsok/nb/a48e50af7e9f344e2fd25adf19fe3cab.nbdigital?lang=no#0 [lesedato 2.9.2017]

«Forfattarar frå Sogn og Fjordane. May Grethe Lerum», Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesbiblioteket, bibliografi, sfj.no: http://forfattarar.sfj.no/may-grethe-lerum/ [lesedato 2.9.2017]

 

Peikarar 

«Forfatterportrett. May Grethe Lerum og 'Livets døtre'», nrk.no, produksjonsår 1995 

Først publisert: 18.10.2017
Sist oppdatert: 18.10.2017