Hopp til innhold
X
Innhald

Nikolai Lundegaard

Nikolai Lundegaard, studentmållagsaktivist og agitator for den økonomiske tenkinga til Henry George.

Nikolai Lundegaard var fødd 13. februar 1883 i Arendal og døydde 5. januar 1910 same staden. Faren var skipsførar, og foreldra dreiv seinare Grand Hotel i Arendal. Etter mellomskule i heimbyen tok Lundegaard gymnaset i Kristiania (frå 1898) og eitt år på krigsskulen, før han byrja å studere juss (cand.jur. i 1905). Etter studiane hadde han ymse kontorarbeid i Arendal, ei tid som fullmektig hos byfuten.
Lundegaard vart målmann i Arendal og gjekk heilt over til landsmål i skrift og tale då han kom til hovudstaden. Han var med på å skipe Studentmållaget hausten 1900. Dei følgjande åra var han den sterkaste drivkrafta i laget, i 1903–04 som formann, og han var mellom initiativtakarane til Norske folkeskrifter og Skuleboknemnda.
Mot slutten av studietida tok Lundegaard til å interessere seg for ideane til Henry George om at skattlegginga måtte ta utgangspunkt i grunnrenta, og at eigedomsretten til jord var kollektiv. Han vart raskt ein av dei mest sentrale agitatorane for georgismen i Noreg, frå 1908 som redaktør for Rætfærd, tidsskriftet for det norske George-laget.
Lundegaard døydde av tuberkulose, knapt 27 år gamal.
Oddmund L. Hoel
Kjelder
Rasmus Steinsvik og Anders Hamre: minneord i Den 17de Mai, 6. og 8.1.1910
Olaf Almenningen ofl.: Studentar i målstrid. Studentmållaget i Oslo 1900–2000. Oslo 2003
Olav Midttun: «Nikolai Lundegaard», Mål og menn. Utgreiingar og livsskildringar, 2. utg. Oslo 1968

Først publisert: 08.05.2012
Sist oppdatert: 08.05.2012