Hopp til innhold
X
Innhald

Nils A. Lavik

Nils Andresson Lavik, lekmannspredikant og den første stortingsrepresentanten for Kristeleg Folkeparti.

Nils A. Lavik var fødd i Eksingedalen i Vaksdal 8. januar 1884 og døydde same staden 14. juli 1966. Den formelle utdanninga i yngre år var knapp – Framnes Ungdomsskule og Voss Folkehøgskule. Men han saug til seg kunnskapar jamt og sterkt år for år.

 

Lavik var bedehuset sin mann, ein farande emissær og ein framståande kristenleiar på Vestlandet. Han var ein framifrå preikar, med stor evne til å fortelje og forkynne frå bedehus til bedehus. Og han var bureisar i åra 1904–14. Han vart vald på Stortinget frå Hordaland frå 1933 og sat til 1951. Lavik var formann i KrF i perioden 1938–51.

 

Frå 1920 til 1955 var Lavik medlem av styret for Det Vestlandske Indremisjonsforbund (DVI), frå 1933 til 1950 var han formann. Han verka som generalsekretær i forbundet i 1922–27. Vidare var han medlem i styret for bibelskulen Bildøy (på Sotra i Fjell kommune) og vart lærar og sidan rektor der (1926–33). Lavik redigerte vekeavisa Sambåndet i 1933–41 og 1933–41, og i 1918–54 var han formann i Vestlandske Broderring. Han var òg med i styret for Kristenfolkets Ædrulighetsråd i fleire år, for det meste som formann.

 

Lavik viste tidleg interesse for politikk, og politisk sokna han til Venstre. Han vart føreslått som kandidat til stortingslista alt frå 1931, men på nominasjonsmøtet i Hordaland i 1933 var det spenningar. Eit mindretal gjekk sterkt inn for Lavik, men tapte. Det førte til at framståande bedehusfolk i Hordaland reiste spørsmålet om ei eiga liste. Etter kvart vart Lavik invitert til å stå øvst på den lista. Det vart den første lista for Kristeleg Folkeparti.

 

Lavik fekk mange veljarar i ei tid med sterke motsetningar i spørsmål om kristen moral og tru. Arnulf Øverlands utfall mot kristendomen, teaterstriden om Guds grøne enger og liberal teologi gjorde inntrykk. Og Johan Ludvig Mowinckel, den fremste leiaren for Venstre, stod utanfor statskyrkja. Dessutan var det økonomisk krise på trettitalet. Arbeidarpartiet mobiliserte. Det stod om nasjonale og kristelege verdiar, var det mange som meinte.

 

Lavik talte mest om moralspørsmål, om fråhald, om abort, om skule og opplæring til tru. Men han var òg mykje oppteken av vilkåra på bygdene, der det helst var sparsame kår. I den økonomiske politikken orienterte han seg mest mot Venstre.

 

Då det internasjonale klimaet kveste seg på trettitalet, var Lavik svært uroleg for kva som kunne skje mellom stormaktene. Han valde å orientere seg mot ei konsekvent linje av nøytralitet. Han var imot opprusting, men gjekk inn for å løyve meir midlar til «vaktvern» langs kysten.

 

Då krigen kom i 1940 og det tyske okkupasjonsstyret etablerte seg, kravde rikskommissær Terboven at kongen skulle avsetjast og eit nytt styre skulle ta over statsstyringa. Lavik valde ei kvass linje i dette spørsmålet: Kongen skulle ikkje fellast! Men snart vart okkupasjonsstyret stadfest med makt. Dei politiske partia vart avskaffa. Lavik vende tilbake til Eksingedalen og byrja snart etterpå som predikant att.

 

I 1945 kom Lavik tilbake – no i rikspolitikken, saman med åtte representantar frå Kristeleg Folkeparti på Stortinget. Han støtta «Fellesprogrammet» saman med dei andre partia. Men elles var han mykje oppteken av sosiale spørsmål og orienterte seg seinare varsamt mot Arbeidarpartiet i sosiale spørsmål. Men for dei moralske spørsmåla stod han – som før – kvast imot Arbeidarpartiet

 

Kjelder

Bernhard Eide: Det Vestlandske Indremisjonsforbund gjennom 50 år. Bergen 1948

Arne R. Lomeland: Kristelig Folkeparti blir til. Oslo 1971

Trond Nordby (red.): Storting og regjering 1945–1985 (artikkel om Nils Lavik på side 435). Oslo 1985

Paul Odland: «Nils Lavik», Norsk biografisk leksikon, bd. 6. Oslo 2003

Kåre Olav Solhjell: Tru og makt. Kristelig Folkepartis historie 1933–2008. Oslo 2008

Odd Jostein Sæter (red.): Kristelig Folkepartis historie 1933–83. Bergen 1983

Først publisert: 18.03.2016
Sist oppdatert: 10.01.2020