Hopp til innhold
X
Innhald

Oddbjørn Leirvik

Oddbjørn Birger Leirvik er teolog og professor i interreligiøse studium. I skrift og tale har han framheva verdien av dialog mellom representantar for ulike religionar og livssyn.

Leirvik er fødd i Ålesund 18. august 1951. Etter embetseksamen ved Menighetsfakultetet i 1978 var han generalsekretær i Norges Kristelige Studentforbund frå 1979, prest i Paulus kyrkje i Oslo frå 1984, leiar av Dialogsenteret Emmaus frå 1993, og sidan 1996 har han vore tilsett ved Teologisk fakultet ved Universitetet i Oslo.
 
Leirvik har engasjert seg mykje i praktisk dialogarbeid og i forsking særleg på relasjonar mellom islam og kristendom. I tilknyting til dette engasjementet har han også arbeidd meir generelt med fleirkulturell etikk og religionane sin plass i samfunnet.
 
Frå tidleg i 1990-åra var Leirvik med og bygde opp fleire fora for religionsdialog i Noreg. Han har vore styremedlem i Oslo-koalisjonen for trus- og livssynsfridom (2000–2008), og sidan 2008 sit han i Teologisk nemnd under Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja og i redaksjonen for tidsskriftet Kirke og Kultur.

Først publisert: 03.09.2009
Sist oppdatert: 22.03.2017