Faktaboks

Olav Lofthus
Fødd
8. oktober 1847, Ullensvang, Vestland
Død
10. august 1894, Bergen, Vestland
Olav Lofthus
Olav Lofthus. Fotoet er merka «Bergensudstillingen» og 1898. Olav Lofthus døydde i 1894, så årstalet viser mest truleg til tidspunktet det blei trykt opp som kabinettkort.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Olav Lofthus var ein norsk lærar, målmann, journalist og redaktør. Han var redaktør i Bergens Tidende frå 1872 til han døydde i 1894. I ettertid har han særleg vore hugsa for innsatsen sin i venstrerørsla.

Bakgrunn

Olav Lofthus var fødd i Ullensvang i Hardanger. Han var elev ved Voss høgre Allmugeskule i 1861–1862 og tok lærarutdanning ved Stord seminar i 1866–1868. Sommaren 1869 gjekk han lærarkurs i gymnastikk og våpenbruk i Kristiansand.

Karriere

Lofthus praktiserte som lærar i Vik i tre år og eitt år i Ullensvang i tidsrommet 1862–1866. Saman med presten J.E. Unger dreiv han skule for gutar i Norheimsund i 1869–1870. Frå 1870 var Lofthus lærar ved Wollert Konows folkehøgskule på Halsnøy, og i 1871 ved Kristi Krybbe i Bergen. Han slutta same året, då han vart journalist i Bergens Tidende, og frå 1872 til 1894 ansvarleg redaktør, frå 1874 ei tid saman med Lars Holst.

Venstrerørsla

Lofthus var med og etablere Bergens Venstreforening og var i 1884 med på Venstre sitt konstituerande møte i Kristiania. Frå 1875 til 1889 var han formann i Bergens Folkevæpningssamlag, ei skyttar- og idrettsforeining som sprang ut av venstrerørsla.

Målmann og skribent

Lofthus var oppteken av målsak og skreiv artiklar og skjønnlitterære tekstar på landsmål i mellom anna Vestmannalaget sitt tidsskrift Fraa By og Bygd, der han òg var redaktør og formann i 1875. Bergens Tidende gav spalteplass til begge målformer og var viktig for landsmålsbrukarar medan Lofthus sat i redaktørstolen. Avisa var opposisjonsorgan fram til Venstre sitt endelege gjennombrot i 1880-åra. Lofthus rekrutterte skribentar frå det vitskaplege miljøet ved Museet i Bergen.

Kort tid før han døydde, bad han Bolette Pavels Larsen, litteraturkritikar i Bergens Tidende og forfattar, om å samle og gi ut dikta hans med eit føreord, men utan konkrete føringar for kva ho skulle ta med. Larsen gjorde eit utval der ho inkluderte fleire songar, prologar og dikt, mellom dei diktet «Hardingfela», som var «blandt den skjønneste poesi vi eier» etter hennar meining. Samlinga Sange og Digte, med tekstar på begge målformer, vart utgitt posthumt i 1894.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Hans Fredrik Dahl (red).: Norsk presses historie 1660–2010, bd. 1. Oslo 2010
  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010
  • C.S. Schilbred: «Olav Lofthus», Aschehougs konversasjonsleksikon. Oslo 1974

Faktaboks

Olav Lofthus
Historisk befolkingsregister-ID
pf01052994018123

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg