Hopp til innhold
Ole Olsen Lian, ca. 1920. Ukjent fotograf. Kredit: Oslo Museum / oslobilder.no CC BY-SA 3.0 NO.
Ole Olsen Lian, ca. 1920. Ukjent fotograf. Kredit: Oslo Museum / oslobilder.no CC BY-SA 3.0 NO.
X
Innhald

Ole Olsen Lian

Ole Olsen Lian, 1868–1925, var typograf, fagorganisasjonsleiar og politikar i Arbeidarpartiet. Lian var formann i LO frå 1907 og fram til han døydde. 

Han var dessutan medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet i 1909–18 og 1920–25, og stortingsrepresentant frå 1916 til 1921.
 

Lian var sentral i den gamle retninga i Arbeidarpartiet, som mista makta i partiet i 1918. Han gjekk då ut av partileiinga, men kom etter ei tid tilbake og spela ei meklarrolle mellom høgre og venstre fløy i partiet i åra som følgde.

Først publisert: 03.02.2015
Sist oppdatert: 07.08.2017