Hopp til innhold
X
Innhald

Pierre Simon Laplace

Pierre Simon Laplace, 1749–1827, fransk marki, matematikar og astronom. Hovudverk: Mécanique céleste i fem band (1799–1825), der han tok for seg rørslene til himmellekamane. I Exposition du systéme du monde (1796) sette han fram ein teori om utviklinga av ei roterande gasståke i solsystemet. Théorie analytique des probabilités (1812) er eitt av dei grunnleggjande verka i sannsynsrekninga.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012