Hopp til innhold
X
Innhald

Robert B. Laughlin

Robert B. Laughlin, fødd 1950, er amerikansk fysikar. Han er utdanna ved Massachusetts Institute of Technology, MIT, og har arbeidd som professor ved Stanford University frå 1989.
 
Laughlin har gitt viktige teoretiske bidrag for å forklare halleffekten innanfor kvantefysikken. Han fekk nobelprisen i fysikk i 1998 saman med H.L. Störmer og D. C. Tsui.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.12.2011
Sist oppdatert: 01.12.2011