Hopp til innhold
Rolf Losnegård. Foto: Rolf Losnegård / Selja-Forlag. Med løyve for Allkunne.
Rolf Losnegård. Foto: Rolf Losnegård / Selja-Forlag. Med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Rolf Losnegård

Rolf Losnegård, forfattar, omsetjar, teaterinstruktør og del av den frie teatergruppa Aldateateret.

Rolf Losnegård er fødd i Hyllestad, Ytre Sogn 28. januar 1946 og er busett i Vårdal, Askvoll i Sunnfjord. Etter utdanning frå Universiteta i Bergen og Oslo, med faga norsk, historie og allmenn litteraturvitskap, har han arbeidd i NRK (1972–75), vore lærar (Askvoll, 1975–80), dramaturg ved Sogn og Fjordane Teater (1980–88), styreleiar i Norske Dramatikeres Forbund (1988–90) og konsulent ved Riksteatret (1988–94) og Hordaland teater (1994–98). Frå 1998 har han vore forfattar og frilans teaterinstruktør på heiltid.
Sidan teaterdebuten i 1976 med Dei siste maksveringar har Losnegård skrive 21 teaterstykke, mange av dei er historiske spel, og har hatt regi/instruksjon på om lag 15 ulike oppsetjingar. I tillegg kjem åtte bøker i ulike sjangrar, åleine eller som medforfattar: barnebøker, noveller, historie (mellom anna Peter Andreas Blix, 2001 og Riddarane av Losna, 2002).
Det historiske, i form av tema, tid eller personar, er ein sentral inngangsport til Losnegårds forfattarskap, i alle sjangrar. Dei to mest sedde stykka hans er folkelivsskildringa Maksveringar, ein NRK-serie på fire episodar i 1972, med handlinga lagd til ei vestlandsbygd i 1950-åra, med musikk av Egil Monn-Iversen, og Songen ved det store djup (Kinnaspelet), som sidan premieren i 1986 har vore sett av vel 78 000 personar, oppført ved den vesle steinkyrkja på Kinn, ei øy ute i havet vest for Florø.
Rolf Losnegård er ein av partnarane i Aldateateret, skipa i 2006, ei fri profesjonell teatergruppe som arbeider med nye uttrykksformer, gjerne utandørs. Han har omsett fleire teaterstykke, i spennet frå Pippi Langstrømpe til Hamlet.
Rolf Losnegård fekk Fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane i 1981.
Kjelder
Samtalar og e-post-utveksling med Rolf Losnegård
Peikarar
Bibliografi hos Dramatikerforbundet

Først publisert: 13.09.2011
Sist oppdatert: 07.12.2018