Hopp til innhold
X
Innhald

Rolf Løvland

Rolf Løvland, fødd 1955, er komponist. Løvland har vunne den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix to gonger: først med La det swinge framført av Bobbysocks i 1985 og med Nocturne framført av Secret Garden i 1995. 
Rolf Løvland og Fionnuala Sherry er duoen Secret Garden. Pressefoto frå secretgarden.no
Rolf Løvland og Fionnuala Sherry er duoen Secret Garden. Pressefoto frå secretgarden.no
Løvland har også skrive musikk for andre artistar, mellom dei Josh Groban og Westlife som begge fekk suksess med Løvland-komposisjonen You Raise Me Up.
 
Rolf Løvland fekk Spellemannprisens heiderspris i 1985 saman med Bobbysocks og Bransjeprisen under Spellemannprisen 2007.
Sjå Secret Garden med Nocturne frå den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix i 1995:
Sjå Bobbysocks med La det swinge frå 1985:
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.10.2013
Sist oppdatert: 18.10.2013