Hopp til innhold
X
Innhald

Rovert Levin

Rovert Levin, 1912–96, var pianist og pedagog. Levin debuterte i 1932. Etter mange år som ensemblepianist på restaurantar og teater gjekk han heilt inn for akkompagnement og interpretasjon etter 1946, og på dette området kom han i verdstoppen.
Levin vart den første rektoren for Noregs musikkhøgskule i 1973, og denne stillinga hadde han til 1980. Frå 1977 var han også professor.
Sjå Levin saman med Filarmonica della Scala  der dei framfører Beethoven sin pianokonsert nr 5.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.11.2013
Sist oppdatert: 18.11.2013