Hopp til innhold
X
Innhald

Sissel Lie

Sissel Lie, fødd i 1942, er forfattar, omsetjar, litteraturforskar og professor. Ho har skrive novellesamlinga Tigersmil (1986) og romanane Løvens hjerte (1988), Granateple (1990), Reise gjennom brent sukker (1992), Rød svane (1994), Svart due (1997) og Maske for et ukjent ansikt (2007). Lie var medredaktør for Kvinnenes kulturhistorie, som kom i tre band i åra 1985–88. Ho har òg skrive sakprosa, barnebøker, mellom anna serien om Pusegutten, illustrert av Kim Hiorthøy, og skodespelet Svømmersken (2000). Lie fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for Tigersmil.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.04.2016
Sist oppdatert: 28.04.2016