
Solfrid Lerbrekk
Solfrid Lerbrekk, odelsjente, fagarbeidar og stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti frå Rogaland.
Solfrid Lerbrekk er fødd 29. november 1990 og voks opp på Varhaug i Rogaland. Ho er busett i Vennesla i Vest-Agder. Lerbrekk tok fagbrev i teknikk og industriell produksjon (TIP) ved Time vidaregåande skule i 2009 og studerte til maskiningeniør ved Universitetet i Stavanger i 2011–14.
Ho har arbeidd som avløysar i landbruket og som NDT-inspektør ved ConocoPhillips (2009–11) og ved EnerMech (2011–13), det siste året som tillitsvald. Lerbrekk var fagleg ungdomssekretær i LO i Rogaland i 2013–17. I perioden 2017–21 er ho stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti frå Rogaland.
Lerbrekk har vore medlem av Sosialistisk Venstreparti sidan 2013, men hadde ikkje erfaring som folkevald før ho blei stortingsrepresentant. På Stortinget er ho medlem av arbeids- og sosialkomiteen.
Som politikar er ho oppteken av at alle skal få gode velferdstenester, mellom anna tannhelse, og ein skule for alle. Næringspolitisk meiner ho at det viktig å skape nye arbeidsplassar, og ho er oppteken av statusen til yrkesfaga og vil auke skatten for dei rikaste.
Lerbrekk er nynorskbrukar og blir referert på nynorsk i Stortinget.
Kjelder
Solfrid Lerbrekk, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=SL [lesedato 15.3.2018]
Solfrid Lerbrekk, profil på linkedin.com: https://www.linkedin.com/in/solfrid-lerbrekk-75846087/?ppe=1 [lesedato 15.3.2018]
Rolv Christian Topdahl: «– Unge politikere i dag er for streite», nrk.no, sist oppdatert 11.9.2017: https://www.nrk.no/rogaland/solfrid-lerbrekk-_sv__-_-unge-politikere-i-dag-er-for-streite-1.13678658 [lesedato 15.3.2018]
Peikarar
Ingebjørg Iversen: «Solfrid Lerbrekk føler seg støtt av KrF», aftenbladet.no, publisert 9.8.2017
Presentasjon av Solfrid Lerbrekk på nettstaden til SV, sv.no
Videoklipp med presentasjon av Solfrid Lerbrekk på TV Vest, tvvest.no
Sist oppdatert: 17.04.2018