Hopp til innhold
X
Innhald

Solveig Steinnes Lone

Solveig Steinnes Lone var den første kvinnelege journalisten i Gula Tidend. Ho var særleg engasjert i kvinnespørsmål, målsak og naturvern.

Solveig Steinnes Lone var fødd på Klepp på Jæren 6. november 1894 og døydde 15. desember 1979. Ho tok utdanning ved Voss folkehøgskule vinteren 1912–13. Seinare same året fekk ho arbeid i avisa Agder i Flekkefjord. Ho ivra sterkt for målsaka, og frå 1915 arbeidde ho i Gula Tidend, der ho var den første kvinnelege journalisten.
Etter at ho gifta seg i 1917, vart det vanskeleg å kombinere barnestell med andre oppgåver, men frå 1926 til 1932 redigerte ho spalta «Heimen» i For Bygd og By. Frå 1935 var ho journalist i Norsk Tidend, der ho redigerte ei spalte med kvinner som målgruppe. Ho var elles frilansar og skreiv bokmeldingar, artiklar og skjønnlitterære tekstar i dagspressa og ulike tidsskrift, til dømes i Unglyden.
Under andre verdskrigen la ho pennen bort. I 1941 slo familien seg ned i Spind ved Farsund, og Steinnes Lone vart gardbrukar. Etter krigen hadde ho berre korte engasjement. Ho skreiv mellom anna i venstreavisa Vest-Agder i 1956. Ho var redaktør i vekeavisene Norges Kvinner i 1957 og Telemark Tidend i Skien i 1958. Ho var òg kåsør i NRK og ein populær foredragshaldar.
Steinnes Lone var oppteken av naturvern heile livet, og så seint som i 1978, året før ho døydde, tok ho til orde mot utbygging av Orklavassdraget.
Kjelder
Inger Lise Breivik ofl. (red.): Kvinner i nynorsk prosa. Oslo 1980
Idar Flo: «Norske aviser fra a til å», i Hans Fredrik Dahl (red.): Norsk presses historie, bd.4 Oslo 2010
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
Reidun Kvaale: Kvinner i norsk presse gjennom 150 år. Oslo 1986

Først publisert: 18.12.2012
Sist oppdatert: 28.01.2016