Hopp til innhold
X
Innhald

Susanne Lundeng

Susanne Lundeng, fødd 1969, er felespelar med utgangspunkt i ein tidlegare lite kjend nordnorsk tradisjon.

I komposisjonar og arrangement er Lundeng ein del påverka av folkemusikkgrupper på Dei britiske øyane. Lundeng har også arbeidd i samspel med musikarar frå andre sjangrar. 

Ho har halde både solokonsertar og konsertar med eige band, også i utlandet. Lundeng har gitt ut Havella (1991), Drag (1994), Ættesyn (1997), Vals til den røde fela (2000), Forunderlig ferd (2004), Nattevåk (2006), Mot (2011), 111 nordlandsslåtter (2015) og Det va nære på (2018).

Susanne Lundeng har fått fleire kulturstipend og musikkprisar, mellom anna Spellemannsprisen i klassen for folkemusikk for albumet 111 nordlandsslåtter.


Høyr Susanne Lundeng spele «Årstidene» frå albumet Nattevåk:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.10.2013
Sist oppdatert: 30.05.2018