Hopp til innhold
Foto: Torbjørn Tandberg/ Regjeringa
Foto: Torbjørn Tandberg/ Regjeringa
X
Innhald

Sylvi Listhaug

Sylvi Listhaug, adjunkt, 1. nestleiar i FrP og eldre- og folkehelseminister i Solberg-regjeringa.

Sylvi Listhaug er fødd 25. desember 1977 i Ålesund i Møre og Romsdal. Ho gjekk på Spjelkavik videregående skole i 1994–96 og tok adjunktutdanning med faga samfunnskunnskap, historie og spesialpedagogikk ved Høgskolen i Volda i 1996–2000.

Ho arbeidde som adjunkt ved Sjøholt skule i Ørskog i 2000–01, var politisk rådgivar for stortingsgruppa til Framstegspartiet i 2001–04, var byrådssekretær for velferd og sosiale tenester i Oslo i 2004–05, hadde praktikantstilling i Representanthuset i Washington DC i 2005, var byråd i Oslo for velferd og sosiale tenester i 2006–10 og byråd for helse og eldreomsorg i 2010–12. I 2012–13 var ho seniorrådgivar i rådgivingsselskapet First House, og ho blei landbruks- og matminister i Solberg-regjeringa i 2013. Frå 16. desember 2015 var Sylvi Listhaug innvandrings- og integreringsminister i Solberg-regjeringa. 17. januar 2018 vart oppgåvene knyt til integrering flytta til kunnskapsdepartementet. Listhaug var frå same dato tittelen justis-, beredskaps- og innvandringsminister, og var einaste statsråden i justisdepartementet, fram til ho gjekk av som statsråd 20. mars 2018. Listhaug er eldre- og folkehelseminister frå 3. mai 2019.

Sidan 1998 har ho hatt ei rekkje tillitsverv i ungdomsorganisasjonen FpU og i Framstegspartiet. Ho var mellom anna medlem av sentralstyret til FpU i 2002–06, og ho har vore medlem av sentralstyret til Framstegspartiet sidan 2006. Frå hausten 2018 er ho nestleiar i Framstegspartiet. Sylvi Listhaug var vararepresentant på Stortinget for Møre og Romsdal Framstegsparti i 2001–09 og for Framstegspartiet i Oslo i 2009–13, og stortingsrepresentant for Møre og Romsdal Framstegsparti i 2017–21.

Listhaug er odelsjente og er oppvaksen på gard. Ho har tidlegare gått hardt ut mot norsk landbrukspolitikk, men seier at ho vil arbeide for eit godt samarbeid med landbruket. Som byråd i Oslo arbeidde ho mellom anna for fritt brukarval i heimehjelpstenestene. Etter at ho blei minister, var det ei sak i media at ho hadde vore rådgivar i First House, og ikkje hadde offentlege kundelister.

Listhaugs avgang som statsråd i 2018

Sylvi Listhaug er ein kontroversiell og frittalande politikar. Til trass for at stortingsfleirtalet har støtta dei fleste av framlegga ho har fremja som innvandrings- og seinare justisminister har ho møtt mykje motstand. Motstanden har dreid seg like mykje om retorikk, ordval og at ho framstår som splittande, som om dei konkrete politiske framlegga. Listhaug har vore nemnd eksplisitt som årsak til utfordringar i samarbeidet mellom dei fire samarbeidspartia H, FrP, V og KrF som peikar på Erna Solberg som statsminister. 

Regjeringa Solberg fremja  9. juni 2017 eit framlegg om endring i statsborgarlova, slik at framandkrigarar kunne tape statsborgarskap utan domshandsaming. Då kommunal- og forvaltningskomiteen 8. mars 2018 la fram tilråding til vedtak, signalisterte Arbeidarpartiet at dei ville røyste mot dette framlegget. Sylvi Listhaug, som hadde vore statsråd for feltet då framlegget blei fremja, posta eit bilete på Facebook 9. mars med teksten «Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet». Dette skapte store reaksjonar, særleg gitt terroråtaka mot Noreg og Ap i 2011. 

Då saka blei handsama i Stortinget fremja Ap, Sp, SV, KrF, MDG og Raudt, som til saman har fleirtal i Stortinget, eit såkalla daddelvedtak, der dei kritiserte Listhaug for å ha «fremsatt uriktige og krenkende påstander knyttet til bekjempelse av terror i Norge». Det vil seie den sterkaste kritikken av ein statsråd Stortinget kan vedta. Same dagen, 15. mars, 2018 fremja stortingsrepresentant Bjørnar Moxnes (R) mistillitsforslag mot Listhaug.

Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt ville stø framlegget. Kristeleg Folkeparti ytra også manglande tillit til Listhaug. Få timar før saken skulle handsamast 20. mars 2018 gjekk Sylvi Listhaug som justis-, beredskaps- og innvandringsminister av eige ønske.

Tilbake i regjeringa i 2019

3. mai 2019 tok Listhaug over statsrådposten som eldre- og folkehelseminister etter Åse Michaelsen (FrP).

Kjelder

Om Sylvi Listhaug på regjeringa.nohttps://www.regjeringen.no/no/dep/hod/org/eldre--og-folkehelseminister-sylvi-listhaug/id2643617/ [lesedato 3.5.2019]

Referat frå Stortinget 15.3.2018. https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Referater/Stortinget/2017-2018/refs-201718-03-15?m=2 [lesedato 20.3.2018]

Statsministrens kommentar til Listhaugs avgang 20.3.2018. https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/statsministerens-kommentar/id2594382/ [lesedato 20.3.2018]

Maria Knoph Vigsnæs ofl.: «Sylvi Listhaug er ny eldre- og folkehelseminister», nrk.no, sist oppdatert 3.5.2019, https://www.nrk.no/norge/sylvi-listhaug-er-ny-eldre--og-folkehelseminister-1.14537073 [lesedato 3.5.2019]


Peikarar

«Sylvi Listhaug: – Jeg er en stolt odelsjente», abcnyheter.no

«Sylvi Listhaug: – Jeg skal lære. Jeg skal lytte», aftenposten.no

«Sylvi Listhaug til First House: Styrker det politiske topplaget»

Først publisert: 21.01.2014
Sist oppdatert: 06.05.2019