Hopp til innhold
Synnøve Macody Lund. Foto: Carl Christian Raabe / Samlaget. Nytta etter avtale.
Synnøve Macody Lund. Foto: Carl Christian Raabe / Samlaget. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Synnøve Macody Lund

Synnøve Macody Lund, journalist og forfattar, regissør og skodespelar, har spela i norske og skandinaviske filmar og i ein Hollywood-produksjon.

Synnøve Macody Lund er fødd på Stord 24. mai 1976. Ho var ferdig på vidaregåande skule i 1995 og studerte filmvitskap og dokumentarfilmregi i Stockholm og Lillehammer frå 1995 til 2001. Etter studietida arbeidde ho som videojournalist i NRK, og som filmmeldar i fjernsyn og i kulturmagasinet Natt og Dag (2007–09). I 2011 debuterte ho som skodespelar og i 2015 som forfattar.

Filmane ho har spela i, har i hovudsak vore kriminaldrama, fleire av dei for fjernsyn. Utan tidlegare filmerfaring slo ho igjennom i thrilleren Hodejegerne, den best besøkte kinofilmen i 2011. I fjernsynsserien Frikjent (2015), om ei drapsgåte lagd til ei vestlandsbygd, var ho kjærasten til hovudrollefiguren. Ho hadde ei birolle i den skandinaviske fjernsynsserien Black Widows (2016), hovudrolla som Cathrine i grøssaren Hjemsøkt (2017) og ei sentral rolle som politisjef i Hollywood-filmen The Girl in the Spider’s Web (2018). I Askeladden – I Dovregubbens hall (2017) spelar ho dronninga i ei tidstilpassa utgåve av eventyret. Filmen gjekk på kino og fekk høge sjåartal.

Macody Lund har òg stått bak kamera. I 2012 regisserte ho to dokumentarfilmar, Seile sin egen sjø og Bak Kon-Tiki, i tilknyting til storfilmen Kon-Tiki.

Romanen Personar du kanskje kjenner kom i 2015. Her møter vi tre hovudpersonar, som kanskje er ein og den same, moderne kvinner med høge ambisjonar, låg sjølvtillit og trøblete samliv. Dei er arketypar, ifølgje forfattaren. Ho er sjølv til stades i romanen, i parallellforteljinga om Synnøve og faren.

 

Kjelder

E‑post frå Synnøve Macody Lund 11.11.2018

 

Synnøve Macody Lund: Personar du kanskje kjenner. Oslo 2015

 

Julie Nordby Egeland: «Synnøve Macody Lund leker med den lengtende kvinnen i sin debutroman: Kvinner du kjenner», intervju med forfattaren, klassekampen.no, publisert 26.9.2015: https://www.klassekampen.no/article/20150926/ARTICLE/150929835 [lesedato 25.2.2019]

Jonas Sætre: «Synnøve Macody Lund skal ha rolla som politisjef i Hollywood-storfilm», Nettavisa Stord 24, stord24.no, publisert 12.6.2018: http://www.stord24.no/synnove-macody-lund-skal-ha-rolla-som-politisjef-i-hollywood-storfilm/ [lesedato 25.2.2019]

 

Peikarar

«Endelig en film-hovedrolle for Synnøve Macody Lund», vgtv.no, publisert 14.7.2018

Synnøve Macody Lund – «Personar du kanskje kjenner», bok-trailer, youtube.com, publisert 8.12.2015

Først publisert: 07.08.2019
Sist oppdatert: 10.10.2019