Faktaboks

Tobias Drevland Lund
Fødd
11. mai 1996, Kragerø, Telemark
Tobias Drevland Lund

Tobias Drevland Lund er ein norsk politikar for Raudt, som sidan 2021 er stortingsrepresentant frå Telemark. Han var leiar i Raud Ungdom 2018–2020.

Bakgrunn

Tobias Drevland Lund er fødd i Kragerø. Han var elev ved Kragerø videregående skole 2012–2015, inkludert eit år på Lytham St Annes High Technology College i England. Han studerte statsvitskap ved Universitetet i Oslo 2015–2017, og var frå 2020 tilknytt Manifest tankesmie.

Politisk karriere

Lund var leiar i Kragerø Raudt og medlem av Kragerø kommunestyre 2015–2019. Han var 2. vararepresentant til fylkestinget i Telemark i same perioden. Han har vore leiar av Kragerø Raud Ungdom, var nestleiar i sentralstyret til Raud Ungdom 2016–2018 og leiar 2018–2020. Han var også stortingskandidat for Raudt i Telemark 2017.

Sidan 2021 er han stortingsrepresentant frå Telemark og medlem av kommunal- og forvaltningskomiteen.

Politisk ståstad

Politisk har Lund arbeidd for å utjamne levekårsskilnadene i Noreg. Mellom anna vil han lyfte statusen til kvinnedominerte yrker, er for leksefri skule og vil utvide retten til sjølvbestemt abort til veke 22.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg