Hopp til innhold
X
Innhald

Torun Lian

Torun Lian er forfattar, dramatikar og filmregissør. Ho fekk Amandaprisen for "Bare skyer beveger stjernene".

Torun Lian, fødd i 1956, er forfattar, dramatikar og filmregissør. Ho debuterte med Tre skuespill i 1988, som ho fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. Sidan har Lian skrive skodespela Den som beveger seg langsomt beveger seg (1989) og Lengtere (1994).

Ungdomsbøkene Frida (1990), Frida – med hjertet i hånden (1991), som vart filmatisert med Berit Nesheim som regissør, Bare skyer beveger stjernene (1994), som vart filmatisert i 1998 i regi av Lian sjølv, Ikke naken, ikke kledt (2000), som vart filmatisert som Ikke naken i 2004, i eigen regi, og Adam den tredje i fjerde (2005). I 2008 kom romanen Undrene i vår familie. Lian fekk Amandaprisen for Bare skyer beveger stjernene.


Lian har også regissert filmen bygd på Knut Hamsun sin roman Victoria. Her kan du sjå klipp frå filmen:


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.04.2016
Sist oppdatert: 28.04.2016