Hopp til innhold
Unni Løvlid. Foto: unni.no
Unni Løvlid. Foto: unni.no
X
Innhald

Unni Løvlid

Unni Løvlid, tradisjonssongar. Ho er den første som har utøvande hovudfag i tradisjonssong.

Løvlid er fødd i Hornindal 23. mars 1976. Etter å ha gått i lære hos fleire i Hornindal tok ho eksamen ved Noregs musikkhøgskule i Oslo i 2002, som den første med utøvande hovudfag i tradisjonssong. Seinare har ho vore musikar og undervist ved mellom anna Ole Bull Akademiet på Voss og ved Noregs musikkhøgskule i Oslo.
 
Som soloutøvar vann ho A-klassen i vokal folkemusikk på Landskappleiken i 1996. Med trioane Rusk og Fjøgl har ho gjort mykje for å bryte ned fordomar om tradisjonsmusikken, og sjølv kryssar ho gjerne grensa over til samtidsmusikk. Ikkje minst har ho makta å ta borna på alvor i tradisjonsmusikken.
 
Løvlid har vore med på mange plateinnspelingar. Den første soloplata hennar, So ro liten tull (1999), kom i bokform i 2003. I 2005 gav ho ut både Vita og Bridges live in China.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 05.12.2012