Hopp til innhold
X
Innhald

Landmark på Tysse og Leitet

Lillingstonheimen på Tysse. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lillingstonheimen på Tysse. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nils L. Landmark (1775-1859) var i tillegg til å vere sorenskrivar og politikar ein pådrivar for utviklinga av jordbruket.

Nils L. Landmark (1775-1859) var i tillegg til å vere sorenskrivar og politikar ein pådrivar for utviklinga av jordbruket.

Knapt nokon familie frå Sogn og Fjordane har gjort seg så sterkt gjeldande i norsk samfunnsliv og kultur som Landmark-familien på Tysse.

Ætta kom frå Värmland i Sverige. Stamfaren til Tysse-greina, sorenskrivar Nils L. Landmark, var son til ein kunstvevar i Bergen. Då Nils vart utnemnt til sorenskrivar i Sunnfjord i 1809, kjøpte han Tysse-garden, som vart verande i Landmark-slekta til 1874.

Landmark bygde straks etter gardskjøpet det store herskapshuset som vi no kjenner som Lillingstonheimen. Han bygde hageanlegg med allèar ned mot sjøen, og anla eigen familiegravplass - «Fredensborg» - i 1824. Tysse-garden vart eit mønsterbruk for si tid.

På eit underbruk som heitte Fagervik, budde Johan Widing Heiberg Landmark frå 1833 til 1846. Johan Widing Landmark var advokat og ein av sønene til Nils L. Landmark. Han vart første ordførar i Fjaler i 1837. I 1847 vart han fut i Sogn med bustad i Balestrand - sjå: Futegarden Askelund.

Landmarkhuset i Fagervik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Landmarkhuset i Fagervik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fredensborg er familiegravplassen til Landmark-slekta på ei høgde på Tysse. Foto: A. Veien, NRK.

Fredensborg er familiegravplassen til Landmark-slekta på ei høgde på Tysse. Foto: A. Veien, NRK.

Leitet utskilt

I 1845 vart garden Leitet skilt ut frå den store Tyssegarden, og på Leitet busette distriktslege Lars Stub Heiberg Landmark seg. Han var ein av sønene til sorenskrivar Nils L. Landmark på Tysse gard, og var den første distriktslegen i Sunnfjord - sjå: Helsestellet i Fjaler.

Lars hadde bygd eit stort, herskapeleg hus på Leitet alt i 1844. Her dreiv døtrene Marie Landmark og Barbra Landmark (1848-1904) husstellskule for jenter 1883-1893, og broren deira, Nils Landmark, vart leiar for ei stor misjonærgruppe som drog til Madagaskar. Ei anna syster, Edle Landmark, dreiv i mange år gardbruket på Tysse og var postopnar.

I dette huset på Leitet i Fjaler budde distriktslegane på 1800-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset på Leitet i Fjaler budde distriktslegane på 1800-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.04.2013