Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Askevold

Lars Askevold (1921-2015) frå Sande, busett i Førde. Fylkesrevisor og rådmann. Artium, handelsgymnas, og juridikum i 1950. Arbeidde m.a. i Finansdepartementet og som dommarfullmektig før han vart fylkesrevisor i Sogn og Fjordane 1955-1967.

Som rådmann i Førde kommune 1967-1988 stod han sentralt i arbeidet med utvikling av Førde som vekstsenter og fylkessenter (sjå Vekstsenteret Førde).

Var formann i representantskapen i Sunnfjord Sparebank, seinare Sparebanken Sogn og Fjordane i 20 år. Faren Peder Askevold (1880-1948) og broren Per (1919-2000) var begge lensmenn i Gaular kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015