Lars Gunnar Lie

Lars Gunnar Lie fødd 1938 i Fjell. Lektor ved v.g. skule i Førde, og Kristeleg Folkeparti-politikar. Medlem av kommunestyret frå 1975, og ordførar 1982-1983.
Tillitsverv i yrkesorganisasjonar, Det Norske Samlaget og Menighetsfakultetet.
Stortingsrepresentant 1985-2001. Samferdsleminister i Jan P. Syses regjering 1989-1990. Etter stortingstida flytta Lie tilbake til heimekommunen Fjell. Vart i 2005 valt til styreleiar i Det Norske Misjonsselskap.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 16.11.2011