Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Gunnarson Grøneng

Lars Gunnarson Grøneng (1733-1800) frå Haukedalen i Førde, busett i Vatsvik ved kremmarleiet Skjerjehamn. Bonde.

Han kjøpte garden i Vatsvik frå gjestgjevar Gabriel Jæger i 1778 og dyrka den opp til eit mønsterbruk. Lars var ein aktiv og tiltakssam bonde for si tid. M.a. la han ned lange, steinsette grøfter og dyrka opp store myrar, og bygde høge steingjerde kring garden.

Han var ein kjempekar, og det går gjetord om at han ein gong bar ei 17 centimeter tjukk og 2,3 meter lang steinhelle til gards på ryggen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.03.2008