Lars Westrem

Lars Westrem (1805-1880) fødd på Stedje, busett på Kaupangerskogen. Jordeigar og landbrukspionér.
Utdanna seg i medisin, veterinærfag og økonomi i Oslo og Paris. Tok over garden Vestreim på Kaupangerskogen i 1833, og dyrka den opp til eit mønsterbruk, m.a. ved moderne grøftingsmetodar.
Den første fylkeskommunale landbruksskulen (Jordbruksskulen på Vestreim) i Sogn og Fjordane kom i gang på Vestreim i 1846, og Westrem vart sjølv skulestyrar fram til skulen vart flytta til Mo i Førde i 1858. Då flytta Westrem frå bygda og kjøpte seg gard i Rygge, der han budde til han døydde. Westrem skreiv flittig om moderne jordbruksmetodar i riksaviser, og gav også ut boka «Det unge Skandinavia» i 1860.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 16.08.2011