Hopp til innhold
X
Innhald

Lasse Ellingsen

Lasse Ellingsen (1825-1905) frå Grinde i Gulen, busett på Haugland i Brekke. Lærar, lensmann og politikar. Lasse Ellingsen var ein av dei som prost Niels Griis Alstrup Dahl gav lærarutdanning i prestegarden i Eivindvik, og han vart 17 år gamal lærar i heimbygda ved Eidsfjorden. Lærar i Brekke 1850 og bygde i 1852 nytt skulehus på Nedre Haugland for eigne midlar.

Kjøpte i 1886 det gamle sorenskrivarsetet og handelsstaden Lovisendal frå eit konkursbu, og sidan dreiv Ellingsen-slekta handel og skipsekspedisjon i Brekke (sjå: Ole Hatteberg).

Frå 1873 til 1905 lensmann i Lavik kommune 1905, der han også var ordførar 1862-1873. Varamann til Stortinget 1862-1863, 1865-1866, 1868-1869 og 1871-1873. Fast representant 1874-1876 og 1877-1879.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.03.2008