Hopp til innhold
X
Innhald

Lasse Johannesson

Lasse Johannesson (1719-1793) frå Lavik, busett på Risnes. Bonde og lensmann i Lavik skipreide 1751 - 1787.

Han «arva» lensmannsembetet etter faren. I 1787 fann ein dreng eit barnelik gøymt under ei bu på lensmannsgarden. Grannane visste at lensmann Lasse var ein kvinnekjær kar. Han hadde tidlegare kome unna farskapssaker med tenestejenter ved å svare tiende til St. Jørgen Hospital.

Denne gongen vart det verre: Lensmannen vart mistenkt for vere far til det døde barnet, og vart skulda for ikkje å ha meldt ifrå om funnet. Futen tvinga etter dette Lasse til å seie opp stillinga som lensmann.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.03.2008