Hopp til innhold
X
Innhald

Lasse Opseth

Lasse Opseth fødd 1956 på Nordfjordeid, oppvaksen i Førde.  Fotballspelar og forretningsmann.

Lasse Opseth fødd 1956 på Nordfjordeid, oppvaksen i Førde. Fotballspelar og forretningsmann.

Han spela på Sogndal 1980–1991, og var m.a. med på laget då Sogndal i 1981 for første gong rykte opp i 1. divisjon (noverande eliteserie).

Opseth spela i 1984 på Lillestrøm, og på det norske landslaget i 1982.

Frå 1994 vart han administrerande direktør i familiebedrifta Førde Sementvarefabrikk AS i Førde, som i år 2000 hadde ei omsetning på 100 millionar kroner, og 90 tilsette på i alt seks avdelingar i Sør-Noreg.

Soneson av Karl Andreas L. Opseth (sjå denne under Kjende personar i Førde fødde år 1890-1920).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.11.2010