Hopp til innhold
X
Innhald

Leif Iversen

Leif Iversen.

Leif Iversen.

Leif Iversen (1911-1989) frå Raudeberg. Likningssjef og politikar. Overtok i 1937 som ordførar i Nord-Vågsøy etter far sin, bonde Karl Iversen, som hadde hatt vervet i 15 år.

Med unntak av krigsåra, var Leif Iversen ordførar i Nord-Vågsøy kommune til kommunesamanslåinga 1965. Med unntak av fem krigsår, møtte han på fylkestinget frå 1938 til 1979, og med 36 år er det Leif Iversen som har lengst fartstid som fylkestingsrepresentant i Sogn og Fjordane. Frå 1956 sat han i fylkesutvalet, og han var fylkesordførar 1968-1975.

Han var elles mykje brukt elles i offentlege styringsverv. Han var m.a. medlem av ”Blaauw-komitéen” som greidde ut den nye sjukehusstrukturen på 1960-talet, og han var styreformann i Måløybrua A/S.

Utnemnd til riddar av St. Olavs Orden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.10.2011