Hopp til innhold
X
Innhald

Leif O. Hatlem

Leif O. Hatlem (1932–2004) frå Hyllestad. Fiskeoppdrettar, handelsmann og KrF-politikar.

Leif O. Hatlem (1932–2004) frå Hyllestad. Fiskeoppdrettar, handelsmann og KrF-politikar.

Starta fiskeoppdrett i Risnesstraumen i 1972, og var dermed den første som starta fiskeoppdrett i kommunen. Han dreiv også landhandel og produksjon av fiskemat.

Var medlem av kommunestyret i fleire periodar, og ordførar 1968–1971, valt på ei fellesliste for Kristeleg folkeparti og Senterpartiet. Medlem av fylkestinget 1976–1979 og 1984–1987.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.09.2010