Hopp til innhold
X
Innhald

Ludvig Bjørnereim

Ludvig Rasmusson Bjørnereim (skifta namn frå Gåsemyr) (1841–1902).

Bonde på Bjørnareim i Breim, og far til m.a. Isak, Rasmus L. Bjørnereim og Gabriel L. Bjørnereim. Han bygde sagbruk i 1870, og dreiv mølle. Han var den første som fekk installert telefon i Breim i 1891. Ludvig dreiv også med hestehandel, og forhandla kvernsteinar. Då Jakob Hjelmeset i 1876 vart «jaga» frå Gloppen med friskulen sin, fekk han leige skulerom hos Ludvig Bjørnereim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.03.2008