Hopp til innhold

Angela Merkel

Angela Merkel

Angela Merkel er tysk politikar. Sidan 2000 har ho vore leiar for det tyske høgrepartiet, CDU (Den kristeleg-demokratiske unionen) og frå 2005 har ho vore forbundskanslar i Tyskland med tre ulike regjeringar.

Les meir om Angela Merkel

Anstein Myhr

Anstein Myhr, ungdomslagsorganisator, venstrepolitikar og revisjonssekretær. Han var sentral i skipinga av Noregs Ungdomslag og den første skrivaren i styret.

Les meir om Anstein Myhr

Arne Mo

Arne Mo, forfattar. «Galskap, følsomhet, humor og svartsyn» var ord Ketil Bjørnstad brukte då han omtalte Arne Mo si første novellesamling, Med Vetet i Baklomma.

Les meir om Arne Mo

Arvid Møller

Arvid Møller, journalist og forfattar. Han har skrive over hundre bøker, om kvardagsmenneske og kongelege, om kunstnarar og om folk og forhold i Jotunheimen.

Les meir om Arvid Møller

Åse Michaelsen

Åse Michaelsen

Åse Michaelsen, interiørarkitekt og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Vest-Agder sidan 2005, då ho kapra sistemandatet med knappe 20 røyster meir enn andrekandidaten til Arbeidarpartiet.

Les meir om Åse Michaelsen

Dagmar Myhrvold

Dagmar Myhrvold, oslojente som frå sine tidlegaste ungdomsår gjekk inn for å fremje nynorsken, og som i nesten 50 år var knytt til Det Norske Teatret som skodespelar, instruktør og pedagog.

Les meir om Dagmar Myhrvold

Edvard Moser

Edvard Moser

Edvard Ingjald Moser, professor i nevrovitskap og leiar for Kavli Institute for Systems Neuroscience i Trondheim. Fekk nobelprisen i medisin i 2014 for oppdaginga av gittercellene, også kalla hjernens navigasjonssystem.

Les meir om Edvard Moser

Else Mundal

Else Olaug Mundal, professor i norrøn filologi, forskar med kulturhistorisk interesse som spenner frå norrøn grammatikk til helgenlegender, kjennar i særklasse av kvinnehistoriske emne og av norrøne litterære kjelder i mellomalderen.

Les meir om Else Mundal

Hans Mo

Hans Mathias Mo, lærar, forfattar og komponist. Han skreiv tidleg lærebøker på landsmål og gav ut songbøker og tonesamlingar.

Les meir om Hans Mo

Henny Moan

Henny Elisabeth Moan, norsk skodespelar. Ho har hatt ein sentral posisjon i norsk teater sidan 1950-åra og er dessutan kjend for medverknad i ei rekkje filmar.

Les meir om Henny Moan

Ingvar Moe

Ingvar Moe, forfattar, kåsør og moromann. Han var ein opprørsk og satirisk diktar med ei særeiga stemme. Moe skreiv med kjærleikshat til heimbygda Etne, kritiserte hykleri og fordommar, men elska staden, dialekten og krafta i folket.
Les meir om Ingvar Moe

Ivar Mortensson-Egnund

Ivar Julius Mortensson(-Egnund frå 1918), bondeson frå Alvdal som vart avismann, forfattar, anarkist, bibelomsetjar, prest og gardbrukar. Han var svært interessert i religionshistorie og mytologi, og tidleg på 1900-talet sette han dei norrøne Edda-kveda om til nynorsk.

Les meir om Ivar Mortensson-Egnund

Karin Moe

Karin Moe

Karin Moe, feministisk forfattar og litteraturkritikar. Karin Moe er ein eksperimenterande skribent og debattant med mangesidig virke og frisk og fargerik profil i det litterære Noreg.

Les meir om Karin Moe

Knut Markhus

Knut Olson Markhus, lærar, målmann, fråhaldsmann, venstremann. Han hadde ansvaret for å lose Noregs Mållag gjennom den tyske okkupasjonen 1940–45.
Les meir om Knut Markhus

L. Lind Meløy

Lydolf Lind Meløy, skulemann og politikar. Han samla lærarane i éin organisasjon, vart skuledirektør i Finnmark og arbeidde for styrking av samisk språk og kultur.

Les meir om L. Lind Meløy

Lars Moen

Lars Magnus Moen, skreddar og Arbeidarpartipolitikar frå Oppland, medverka til utforminga av Arbeidarpartiet sin skule- og kulturpolitikk i åra rett etter andre verdskrigen.

Les meir om Lars Moen

Leif Mæhle

Leif Magnar Mæhle, litteraturforskar og grunnleggjar av Norsk Litterær Årbok. Han var styreformann i Det Norske Samlaget, generalsekretær i Det Norske Videnskaps-Akademi og i 16 år skiftevis leiar og nestleiar i Norsk språkråd.

Les meir om Leif Mæhle

Leiv Mjeldheim

Leiv Mjeldheim, historikar ved Universitetet i Bergen. Han arbeidde særleg med norsk politisk historie og publiserte det meste av arbeida sine på nynorsk.

Les meir om Leiv Mjeldheim

May-Britt Moser

May-Britt Moser

May-Britt Moser, professor i nevrovitskap og leiar for forskingssenteret Senter for nevrale nettverk i Trondheim. Ho fekk nobelprisen i medisin i 2014 for oppdaginga av gittercellene, også kalla hjernens navigasjonssystem.

Les meir om May-Britt Moser

Michelangelo

Michelangelo di Lodovico Buonarroti Simoni, 1475–1564, var italiensk bilethoggar, målar, diktar og arkitekt, og ein av dei største personane i verdskunsten.

Les meir om Michelangelo

Moltke Moe

Ingebret Moltke Moe, folklorist og språktenkjar. Han grunnla universitetsstudiet folkloristikk i Noreg og vert rekna som far til tanken om samnorsk.
Les meir om Moltke Moe

Ola Mestad

Ola Mestad, jurist og målmann. I 1990-åra var han gjennom fleire år styreleiar både i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget og i Stiftinga Det Norske Samlaget.
Les meir om Ola Mestad

Olav Midttun

Olav Midttun, litteraturforskar og riksprogramsjef. Han skulle vikariere som redaktør i Syn og Segn i eitt år, og blei verande der i 52 år.

Les meir om Olav Midttun

Olav Mosdøl

Olav Mosdøl, lærar, forfattar og lyrikar knytt til Setesdal og Telemark. Han står bak meir enn 25 utgivingar i ulike sjangrar. Mange av tekstane hans er tonesette.

Les meir om Olav Mosdøl

Ole Mjøs

Ole Mjøs

Ole Danbolt Mjøs, professor i medisin, universitetsrektor og politikar. Som leiar i Nobelkomiteen sytte han for at eit stort internasjonalt publikum fekk høyre klingande nynorsk.

Les meir om Ole Mjøs

Peder Morset

Peder Olsen Morset, lærar, klokkar og bonde. Morset var aktiv i motstandsarbeidet under den tyske okkupasjonen av Noreg, vart hardt torturert av Gestapo og til slutt avretta.

Les meir om Peder Morset

Rolf Myklebust

Rolf Myklebust, musikar og tradisjonssamlar. Han gjorde Folkemusikkhalvtimen i NRK Radio til programmet mange snakka negativt om, men som mange fleire lytta til.

Les meir om Rolf Myklebust

Sigrid Terese Moldestad

Sigrid Terese Moldestad

Sigrid Terese Moldestad, folkemusikar og felespelar som har samarbeidd med ei rekkje andre musikarar. Ho har vunne Spellemannsprisen i kategorien folkemusikk fleire gonger, seinast i 2007 for albumet Taus basert på musikken til kvinnelege felespelarar frå Nordfjord og Sunnmøre.

Les meir om Sigrid Terese Moldestad

Siri Lill Mannes

Siri Lill Mannes, journalist og forfattar. I 18 år var ho journalist og nyhendeanker i TV2, heidra med Kringkastingsprisen for frisk og ledig formidling av nyhende.

Les meir om Siri Lill Mannes

Sven Moren

Sven Moren, forfattar, bonde og ungdomslagsleiar. Han dreiv organisasjonar, skreiv bøker, laga ei av dei mest brukte songbøkene og var ein framifrå folketalar.

Les meir om Sven Moren

Viking Mestad

Viking Mestad, bankdirektør og teatermann. Han hadde ansvaret for både Det Norske Teatret og Nynorsk Pressekontor i avgjerande periodar for desse verksemdene.

Les meir om Viking Mestad

Wenche Medbøe

Wenche Medbøe er skodespelar og iscenesetjar. Ho har hatt eit særleg engasjement for born og unge, som ho har skrive og oppført teater for, og gjennom 40 år på Det Norske Teatret har ho spela i meir enn hundre roller.

Les meir om Wenche Medbøe