Hopp til innhold
X
Innhald

Abraham de Moivre

Abraham de Moivre, 1667–1754, fransk matematikar. I 1718 skreiv han eit grunnleggjande verk i sannsynsrekning (jamfør normalfordeling) og vert rekna som grunnleggjaren av aktuarmatematikken. I teorien for dei komplekse tala har vi Moivre-formelen for potensar av komplekse tal.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012