Hopp til innhold
 Agnar Mykle. Foto: Fred Monclair, 1956. Nasjonalbiblioteket, blds04870.
Agnar Mykle. Foto: Fred Monclair, 1956. Nasjonalbiblioteket, blds04870.
X
Innhald

Agnar Mykle

Agnar Mykle, 1915–94, var forfattar. Han debuterte i 1948 med novellesamlinga Taustigen og følgde opp med fleire novellesamlingar: Jeg er like glad sa gutten i 1952, Kors på halsen i 1958 og Largo i 1967.
 
Mykle skreiv fleire romanar, mellom andre Tyven, tyven skal du hete frå 1951, Lasso rundt fru Luna frå 1954, Sangen om den røde rubin frå 1956 og Rubicon frå 1965.
 
Oslo byrett fann i 1957 at Sangen om den røde rubin var utuktig og dømde Gyldendal Norsk Forlag til å drage inn dei eksemplara som ikkje var selde. Ein anke til Høgsterett førte ikkje til frifinning. Mykle var ein av dei fremste språkkunstnarane i Noreg i det 20. hundreåret.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.03.2013
Sist oppdatert: 11.03.2013