Hopp til innhold
X
Innhald

Albert Abraham Michelson

Albert Abraham Michelson, 1852–1931, var tysk-amerikansk fysikar. Han er kjend for sine svært nøyaktige målingar av lysfarten.
Saman med E.W. Morley utførte Michelson i 1887 dei berømte eksperimenta som i sin tur medførte at den såkalla eter-hypotesen måtte forkastast. Dette bana vegen vidare for Einstein sin relativitetsteori.
Michelson var den første amerikanske fysikaren som vann nobelprisen i fysikk, i 1907.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.12.2011
Sist oppdatert: 01.12.2011