Hopp til innhold
X
Innhald

Albertus Magnus

Albertus Magnus (latin, Albert den store), 1193 eller 1206–1280, tysk dominikanarmunk, filosof og naturforskar som vidareførte tradisjonar frå Aristoteles og dei arabiske kommentatorane hans. Han sameinte kristen teologi og aristotelisk filosofi, som Thomas Aquinas seinare tok opp. Albertus Magnus vart kjend heilag i 1931.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012