Hopp til innhold
X
Innhald

Angela Merkel

Angela Merkel er tysk politikar. Sidan 2000 har ho vore leiar for det tyske høgrepartiet, CDU (Den kristeleg-demokratiske unionen) og frå 2005 har ho vore forbundskanslar i Tyskland med tre ulike regjeringar.

Angela Dorothea Kasner er fødd i Hamburg 17. juli 1954. Far hennar var den lutherske presten Horst Kasner, som hadde polske anar, medan mora, Herlind Jentzsch, var engelsk- og latinlærar, fødd i Danzig i noverande Polen. Kort tid etter at Angela var fødd, flytta familien til DDR, der faren fekk stilling som prest i Brandenburg.

Etter nokre år flytta familien endå ein gong, men no innanfor DDR, til byen Templin, der faren bygde opp eit vidareutdanningsseminar for lutherske prestar. Mora fekk yrkesforbod – og konsentrerte seg om å undervise eigne born.

Som tysk politikar er Merkel eit produkt av at DDR og Vest-Tyskland blei slått saman etter at muren fall i 1989. Ho er eit godt døme på at det i politikken gjeld å vere rett person til rett tid på rett plass. Som DDR-borgar var ho utan politisk røynsle, men hadde heller ingen flekkar på rullebladet sitt. Mellom 1989 og 1990 manøvrerte ho seg fram gjennom eit uklart politisk terreng, til ho etter sameininga av dei to tyske statane hausten 1990 blei vald inn i Forbundsdagen. Der oppdaga forbundskanslar Helmuth Kohl henne og gjorde henne til statsråd.

Angela Merkel på besøk i Noreg møter dåverande statsminister Jens Stoltenberg, Oslo 20.2.2013. Foto: Torbjørn Kjosvold/SMK, Statsministerens kontor på Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Angela Merkel på besøk i Noreg møter dåverande statsminister Jens Stoltenberg, Oslo 20.2.2013. Foto: Torbjørn Kjosvold/SMK, Statsministerens kontor på Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Utdanning og privatliv

Angela Kasner var ein arbeidssam elev. I 1961 tok ho til på skulen i Templin, den polytekniske overskulen. Her blei ho medlem av Junge Pioniere, som var ein kommunistisk barneorganisasjon. Ho synte spesiell dugleik i matematikk, og i 1973 tok ho ein god eksamen, som gjorde det mogleg å kome inn på universitetet i Leipzig, der ho studerte fysikk.

I Leipzig møtte ho Ulrich Merkel, som studerte det same som henne. Dei tok til å bu saman i 1976 og gifte seg i 1977, då dei begge hadde fått stillingar ved Akademie der Wissenschaften der DDR, i Adlershof i bydelen Treptow-Köpenick i Berlin.

Ekteskapet tok slutt i 1981. «Ein dag pakka ho sakene sine og reiste frå bustaden vår», seier Ulrich Merkel i eit intervju med tidsskriftet Fokus. Ho heldt òg på namnet hans, og ifølgje Ulrich Merkel skilde dei lag som vener.

Ho tok ein doktorgrad i teoretisk kjemi, og begge heldt fram med dei vitskaplege karrierane sine, heilt til Angela hoppa av for å bli politikar. Angela møtte seinare kjemikaren Joachim Sauer, som ho gifta seg med i 1998, etter ein langt sambuarskap. Han er professor, men held ein svært låg profil offentleg.

Inn i politikken

Angela Merkel blei med i det austtyske partiet Demokratischer Aufbruch (DA) like etter at muren fall i november 1989. Ho blei pressekontakt og laga flygeblad. Partiet hadde ein uklar profil, men utpå vinteren 1990 kom partia frå vest til aust for å ta del i oppbygginga av det politiske systemet i DDR. Mellom dei som kom, var generalsekretæren i CDU, Volker Rühe, som danna eit valsamband, Allianz für Deutschland, der DA blei med. Frå no var Merkel politikar på heiltid.

Utover vinteren 1990 gjekk alt fort. Nokre av dei leiande mennene i partiet synte seg å ha vore med i det undertrykkjande regimet i aust, mellom anna som Stasi-informantar, og Merkel måtte ta på seg stadig viktigare oppgåver. Ved valet i mars fekk rett nok DA under éin prosent av røystene, men alliansen gjorde eit godt val og danna regjering for det frie Aust-Tyskland under Lothar de Maizière. Merkel blei talskvinne for regjeringa, ei stilling som gav henne ein strategisk og viktig posisjon i den vidare politiske utviklinga denne våren.

No kom ikkje minst spørsmålet om sameining av dei to tyske statane på den politiske dagsordenen. I dei drøftingane som då tok til, fekk Merkel ein sentral plass som rådgivar for statsminister Maizière. Ho synte god politisk forstand og fekk etter kvart større vilje til makt. Partiet hennar, DA, gjekk inn i CDU, og det same gjorde ho. Som delegat til partiet sitt landsmøte på seinsommaren gjorde ho sterkt inntrykk på forbundskanslar Kohl, som truleg hadde ein finger med i spelet då ho fekk stilling i forbundsregjeringa sitt presse- og informasjonskontor etter at sameininga var gjennomført 3. oktober 1990.

Gamalt foto av Angela Merkel. Ikkje datert, ukjent fotograf. Kjelde: David Seaton, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Gamalt foto av Angela Merkel. Ikkje datert, ukjent fotograf. Kjelde: David Seaton, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Statsråd hos Kohl

I november var det val til Forbundsdagen, og Merkel kom inn som representant for delstaten Mecklenburg-Vorpommern. Då Kohl danna regjering etter valet, blei ho minister for kvinner og ungdom. I politiske krinsar i Bonn, som enno var hovudstaden i Tyskland, blei ho omtalt som «Kohls jente». Etter eit år blei ho vald til nestleiar i CDU under Kohl, og i 1993 tok ho over leiarskapen i CDU i Mecklenburg-Vorpommern.

No var ho etablert i toppen av tysk politikk, og i 1994 fekk ho den langt tyngre stillinga som miljøminister. Ho sette raskt sitt eige stempel på miljøpolitikken, ved å ta meir omsyn til næringslivsinteressene i partiet enn han ho tok over etter. Ho blei ein internasjonal miljøleiar då ho var vert for FNs klimakonferanse i Berlin i 1995, som førebudde det som to år seinare blei Kyotoavtalen.

Valet i 1998 gav fleirtal for sosialdemokratane, og Gerhard Schröder danna regjering. I CDU blei det kamp om makta då Kohl gjekk av som partileiar. Merkel fekk stillinga som generalsekretær, og etter gode lokalval i 1999 styrkte ho stillinga si. Då partiet blei råka av skandalar etter at pressa avdekte tvilsame partifinaniseringar, gjekk Kohl av som æresformann. Og då den valde formannen, Wolfgang Schäuble, òg synte seg å vere involvert i dei ulovlege pengetransasksjonane, opna vegen seg til topps for Merkel. Under partilandsmøtet i april 2000 blei ho vald til partileiar.

Tida i opposisjon blei lengre enn ho og partiet hadde von om, for Schröders sosialdemokratar vann òg valet i 2002. Då overtok Merkel leiinga av partigruppa i Forbundsdagen og stod fram som leiar for opposisjonen. Etter gode val for CDU i delstatsval i 2005 skreiv forbundskanslar Schröder ut val til Forbundsdagen eit år før det eigentleg skulle haldast, og tapte. CDU gjekk òg tilbake, men mindre enn sosialdemokratane. Både Merkel og Schröder ville bli kanslar, og Merkel blei til sist leiar for ein koalisjon med sosialdemokratane. Ho blei dermed den første kvinnelege forbundskanslaren i Tyskland.

Tidlegare forbundskanslar i Tyskland, Helmut Kohl (2012). Foto: KAS, KASonline på Flickr.com CC BY 2.0.

Tidlegare forbundskanslar i Tyskland, Helmut Kohl (2012). Foto: KAS, KASonline på Flickr.com CC BY 2.0.

Nye sigrar

I 2009 var det nytt val, og då vann CDU og det liberale FDP fleirtal. Etter forhandlingar med FDP blei Merkel attvald som kanslar. Det same skjedde i 2013, men då tapte FDP alle plassane i Forbundsdagen, og Merkel danna regjering saman med sosialdemokratane igjen. Dette var det beste valet CDU og systerpartiet i Bayern, CSU, hadde gjort sidan 1990.

teAM Bremen, Merkel-støttespelarar under eit besøk Angela Merkel gjorde i i Bremen, Tyskland, i 2009. Foto: Simon Zeimke, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

teAM Bremen, Merkel-støttespelarar under eit besøk Angela Merkel gjorde i i Bremen, Tyskland, i 2009. Foto: Simon Zeimke, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

I alle åra ho har vore i leiinga av partiet og landet, har Merkels personlege popularitet vore stor og veksande. Ho blir omtalt som «Mutti» – «mamma» eller «vesle mor». Som kanslar eller statsminister i Tyskland er ho òg den leiande politikaren i EU. Tyskland har i desse åra styrkt den økonomiske posisjonen sin andsynes dei andre medlemslanda i unionen. Næringslivet har, saman med dei ulike regjeringane til Merkel, bygd opp ein eksportøkonomi som er den sterkaste i Europa og den fjerde sterkaste i verda.

Men det har òg gitt Merkel utfordringar. Den største fram til «brexit», den britiske utmeldinga av EU etter folkerøystinga sommaren 2016, har vore Hellas, som i åra etter at landet blei med i eurosamarbeidet, opparbeidde seg ei utanlandsgjeld, ikkje minst til Tyskland, som landet ikkje kunne bere. Merkel og Tyskland har vore lite villige til å ettergi delar av gjelda, slik grekarane har ønskt og Det internasjonale pengefondet, IMF, har rådd til. Ho krev strengt hushald med dei offentlege inntektene i Hellas. Byråkrati og pensjonar må reduserast, og skattefordelar for dei rike må takast bort.

Merkel fortel om si eiga erfaring som DDR-borgar: «Eg kjem frå eit land som opplevde økonomisk samanbrot», sa ho til journalistar i 2012. «Om ikkje Hellas sjølv skaper grunnlag for ein berekraftig økonomi, vil ikkje Europa halde fram med å vere eit velståande kontinent som verda lyttar til og som får merksemd frå verdas folk.»

Sosial marknadspolitikk

Synet hennar på den greske økonomien er djupt i samsvar med den økonomiske politikken ho fører som kanslar i Tyskland: sparsemd først, bruk etter det. Statar skal ikkje bruke pengar dei ikkje har. Det bør heller ikkje folk flest. Dette er den nye sosiale marknadspolitikken som mange europeiske politikarar har ført dei seinare åra for å gjere velferdsstaten meir effektiv og mindre kostbar.

Dette er ei haldning som òg veljarane i Tyskland ser ut til å vere samde med henne i. Men då ho sommaren 2015 slo dørene på vid vegg for innvandrarar frå Syria, Afghanistan, Irak og andre kriseramma land, ville ikkje folket slutte opp om politikken hennar. Ho argumenterte med at Tyskland hadde behov for mange innvandrarar for å halde oppe folkesetnaden i landet. Ho sa òg at ho hadde erfaring med å vere stengd inne av strengt vakta grenser, og at ho var imot det. Men korkje dei tyske veljarane eller EU-borgarane i dei gamle sovjetstatane såg det slik. For ein gongs skuld hadde ho ikkje gått varsamt fram, og då synte det seg at ho ikkje kjende folkemeininga, som ho elles har vore betre enn dei fleste tyske politikarar til å observere og tolke.

Angela Merkel møter dåverande statsminister i Storbritannia David Cameron på Syria-konferansen i London 4. februar 2016. Foto: Georgina Coupe/Crown Copyright, DFID - UK Department for International Development på Flickr.com CC BY 2.0.

Angela Merkel møter dåverande statsminister i Storbritannia David Cameron på Syria-konferansen i London 4. februar 2016. Foto: Georgina Coupe/Crown Copyright, DFID - UK Department for International Development på Flickr.com CC BY 2.0.

Merkel har som kvinneleg politikar arbeidd for likestilling, moderne abortlov og betre barnehagetilbod. Ho var ein pådrivar for høge mål for reduksjon av CO2. Etter den store atomkatastrofen i Fukushima i Japan i 2011 fekk ho vedteke at atomkraftverka i Tyskland skulle stengje innan 2022.

Merkel er ein politikar som er oppteken av å kunne sakene som regjeringa arbeider med, og ho kan kjenne detaljar som ikkje eingong statsrådar veit om innanfor sitt område. Ho søkjer konsensus i flest mogleg saker, både nasjonalt og internasjonalt, og tek seg god tid. Dette er eit grunnleggjande trekk ved henne. Ho har sjølv sagt at ho som elev likte å sitje midt i eller helst bakarst i klasserommet. Det gav best oversyn.

Ho har ei djup og ekte kristentru, som er viktig for henne. Men ho bruker sjeldan trua som moment i den politiske striden. Ho har halde talar på nokre evangelisk-kristne møte og har understreka at protestantar og katolikkar er forplikta til å leggje vekt på det som er felles for det dei trur på og står for. Synet hennar på flyktningstraumen hausten 2015 og seinare har feste i den kristne moralen.

Frå 2016 har det vakse fram ein høgrepopulisme i mange land, både i EU og i USA under president Donald Trump. Denne populismen har vind i segla også i Tyskland. I dette politiske biletet blir det sagt om Merkel at ho er den siste skansen for liberal politikk.

Merkel sitt offentlege bilete er prega av nøktern varsemd. Privatlivet vaktar ho strengt. Slik har ho segla den tyske skuta gjennom vanskeleg farvatn sidan 2005. Det har òg sikra henne ein historisk plass som europeisk politikar, respektert av alle dei andre verdsleiarane.

Kjelder

Ingrid Brekke: Angela Merkel – et europeisk drama, Oslo 2016

Karl Vick og Simon Shuster: «Person of the year», Time, diverse artiklar, time.com: http://time.com/time-person-of-the-year-2015-angela-merkel/ [lesedato 9.12.2015]

Den offisielle nettstaden til Angela Merkel: https://www.angela-merkel.de/ [lesedato 9.12.2015]

Først publisert: 24.03.2017
Sist oppdatert: 27.03.2017