Hopp til innhold
X
Innhald

Anstein Myhr

Anstein Myhr, ungdomslagsorganisator, venstrepolitikar og revisjonssekretær. Han var sentral i skipinga av Noregs Ungdomslag og den første skrivaren i styret.

Anstein Myhr var fødd 21. januar 1866 i Vang i Hedmark og døydde 19. august 1936 i Gjøvik. Han voks opp på garden der foreldra var gardsarbeidarar hos farbroren Nils. I 1886 tok han examen artium ved Hamar gymnas og deretter første klasse ved krigsskulen (1890).
Frå 1891 arbeidde han som funksjonær i eit advokatfirma i Kristiania, og i 1908–16 hadde han ei eigedomsforretning. I 1916–18 dreiv han ein gard i Nittedal og i 1918–23 eit gods i Sverige, før han frå 1924 fekk tilsetjing i statsrevisjonen ved Raufoss ammunisjonsfabrikker, der han var til 1936.
Myhr la i 1890-åra ned eit stort arbeid i Venstre og ungdomslagsrørsla. I ungdomslaget Fram (skipa 1892) var Myhr formann det meste av tida mellom 1893 og 1900, og han representerte laget i hovudstyret for Kristiania Venstre i 1895–99. Som formann i Fram var han ei drivkraft bak skipinga av Eidsiva ungdomslag (1895) og Noregs Ungdomslag (1896). Myhr var ordstyrar på skipingsmøtet til Noregs Ungdomslag og skrivar og den sterkaste krafta i styret dei to første åra. Han spela ei vesentleg rolle både for at Noregs Ungdomslag vart skipa, og for at banda til Venstre vart så tette.
Kjelder
Anstein Myhr: «Frå dei fyrste arbeidsåra», i Sven Moren og Edvard Os (red.): Den frilynde ungdomsrørsla. Norigs ungdomslag i 25 år. Oslo 1921
Oddmund L. Hoel: Norsk målreising II. Mål og modernisering 1868–1940. Oslo 2011
Studenterne fra 1886. Kristiania 1911
Studentene fra 1886. Oslo 1936

Først publisert: 08.05.2012
Sist oppdatert: 08.05.2012