Hopp til innhold
Arne Mo, foto: Lise Agerschou i 2006, Samlaget. Nytta etter avtale med forlaget.
Arne Mo, foto: Lise Agerschou i 2006, Samlaget. Nytta etter avtale med forlaget.
X
Innhald

Arne Mo

Arne Mo, forfattar. «Galskap, følsomhet, humor og svartsyn» var ord Ketil Bjørnstad brukte då han omtalte Arne Mo si første novellesamling, Med Vetet i Baklomma.

Arne Mo er fødd 23. november 1960 i Ørsta. Han har hatt ein omflakkande karriere i typiske mannfolkyrke som selfangar, fiskar, sjømann, dørvakt, jeger og linjemontør, og det ber forfattarskapen preg av. Han debuterte i 1989 med Raud is, ein roman frå selfangstmiljøet. Romanen Skywayman (1996) handlar om fridomssøkjande unge menn med lidenskapeleg interesse for himmelsegling. I 1997 kom barneboka Rasmus Lynum og mysteriet i Mørkedalen, deretter novellesamling nummer to: Mannfolk. Vandraren (2006) er ein psykologisk roman om ein mann på kanten av stupet.
 
Mo debuterte som plateartist i 2000 med Redd, der han har omsett tekstane til den svarte bluesartisten Ted Hawkins til nynorsk. Mo er busett i Vågå.
 
Kjelder
Heimesida til Arne Mo, http://www.arnemo.com/

Først publisert: 20.10.2009
Sist oppdatert: 17.04.2018