Hopp til innhold
Foto: Samlaget
Foto: Samlaget
X
Innhald

Arne Moslåtten

Arne Moslåtten, musikkskulerektor, songlyrikar og musikar. Unnateke éin song har han skrive alle tekstane for gruppa Hellbillies, med folkeleg kvalitet og hallingdialekt som varemerke.

Moslåtten er fødd i Ål i Hallingdal 4. april 1948 og busett same staden. Etter examen artium ved Hallingdal Gymnas i 1968 gjekk han musikk- og teaterlinja ved Romerike Folkehøgskole 1969–70, tok psykologi grunnfag ved Universitetet i Bergen i 1971 og er utdanna musikklærar frå Musikkonservatoriet i Bergen i 1976.
Han var musikklærar på Dalekvam skule 1976–78 og rektor ved Ål musikkskule 1978–93. Frå 1990 har han vore songlyrikar og musikar i Hellbillies, på heiltid frå 1994. Der har han signert alle tekstane unnateke «Røta» på Urban Twang (2001), som er skriven av Arne Sigurd Haugen.
På plate debuterte han med The Clinkers som i 1966 gav ut singelen No more potations. I alt har han vore med godt over 20 plateutgivingar, i fleire høve som produsent. Han har gitt ut bøkene Stev på hjernen (1996) og Hallingdøl. Minne frå dalen (2004) og skrive minst 150 songar.
I 1987 vann fløytespelaren Moslåtten klassa for eldre folkemusikkinstrument på Landskappleiken, og i 2008 fekk han Edvard-prisen for tekstane til Hellbillies-albumet Spissrotgang. Saman med Hellbillies har han fått både Spellemannprisen 1993 og 2007, Årets spellemann 2007, Målprisen frå Noregs Mållag 2001, Alf Prøysens ærespris 2002 og Norsk Artistforbunds ærespris 2010.
Som første songlyrikar er Arne Moslåtten festspeldiktar ved Dei nynorske festspela 2012.
Dialektdiktar
Med solid bakgrunn frå tradisjonsmusikk og poprock fortel Moslåtten historier der det lokale og vesle blir nært og allment, og ein respekt for bygdelivet tek form. Songlyrikken hans er på hallingdialekt eller nynorsk, sikker i form, mangfaldig i innhald og spelar på folkelege seiemåtar, typar og situasjonar der tradisjon og moderne liv møtest.
Dei tidlege Hellbillies-tekstane er gjendikta frå engelsk, men det meste Moslåtten har dikta, er originaltekstar. Somme av desse har hatt rytmiske førelegg på engelsk av Aslag Haugen. Moslåtten har også skrive for artistar som Rita Eriksen, Guren Hagen, Hallingdal Kraftlag og Olav Stedje.
Tekstane blir skrivne til melodiar som alt er ferdige. Difor får rytmen og stemninga mykje å seie for innhaldet i tekstane. Moslåtten legg særleg vekt på å få språk- og melodirytmen til å gå i hop slik at musikken spelar på lag med språket.
Saman med Eldgrim Springgard skapte Moslåtten i 1987 syngjespelet Haugarock – dikt og forbanna draum, urframført av Leveld Teaterlag i Ål. For Den Norske Folkemusikkveka skreiv han tingingsverket Brureferdi i 1994.
Pedagogen Moslåtten viste seg med Kvint og Kvart. Folkemusikk frå Buskerud, eit læreverk for 4.–6. klasse, skrive saman med Arne Sigurd Haugen og Anne Svånaug Haugan (1996).
Instrument og artistar
Moslåtten trakterer særleg fløyte, trekkspel og gitar. Han spelte gitar i gruppa The Clinkers 1963–66 og har vore med i Toradertrioen frå Hallingdal, Tore Løvgreens Orkester, Sven Nyhus Kvartett og Sven Nyhus Kvintett.
Moslåtten var også med i Kådnbandet som i 1990 blei til Hellbillies. Draumen var å gi ut ei plate med amerikansk countryrock og engelske tekstar. Då hadde gruppa enno ikkje spelt utanfor Hallingdal. På kort tid omsette Moslåtten tekstane til hallingdialekt, og seinsommaren 1992 gav Hellbillies ut første plata si, Sylvspente boots. Frå då av har alt vore på norsk. Berre songen «Angelina» på konsertalbumet CoolTur (2002) er på engelsk.
Blant Arne Moslåttens utanlandske førebilete er Ian Anderson, Alison Krauss, James Taylor og Frank Zappa. Av norske artistar set han Rita Eriksen, Jonas Fjeld, Annbjørg Lien og dei mange tradisjonsmusikarane høgt.
Kjelder
Arne Moslåtten, cv og e-postar 11.7.–2.8.2011
Arne Moslåtten i intervju med Hallgrim Ødegård for Nynorsk kultursentrum 5.8.2011
Jan Inge Reilstad, e-post 27.6.2011
Bernt Ivar Bergum: «Arne Moslåtten». Hallingdølen 23.7.2010
Sveinung Nordstoga: «Mål dagen og skriv eit dikt! Tekstmøte mellom Hellbillies og Olav H. Hauge». Norsk Litterær Årbok 1987. Oslo 1987
 
Peikarar

Først publisert: 05.08.2011
Sist oppdatert: 04.02.2013