Hopp til innhold
Arvid Møller, delt med lisensen CC BY 3.0 på Wikimedia commons av brukaren geiranders
Arvid Møller, delt med lisensen CC BY 3.0 på Wikimedia commons av brukaren geiranders
X
Innhald

Arvid Møller

Arvid Møller, journalist og forfattar. Han har skrive over hundre bøker, om kvardagsmenneske og kongelege, om kunstnarar og om folk og forhold i Jotunheimen.

Arvid Møller er fødd i Strinda 14. oktober 1939 og voks opp på Voss. Etter artium i 1959 var han eitt år journalist i Gula Tidend. Deretter arbeidde han i Fredrikstad Blad, i Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer og i Dagningen, før han i 1969 tok til i NRK Lillehammer. I NRK vart han verande i 40 år og arbeidde særleg med kulturformidling. Han laga rundt 3000 portrettintervju på desse åra.
Møller er ein uvanleg produktiv forfattar. Han har skrive over hundre bøker, mange av dei portrett – av kvardagsheltar, kunstnarar og andre. Han har skrive om dronning Maud og kronprinsesse Märtha, om skiløparen Håkon Brusveen og om misjonæren Annie Skau, om kunstnarane Frans Widerberg, Kåre Tveter, Olav Mosebekk, Per Ung og Harald Kihle, og om mangemillionærparet Singer i Olden. Fleire bøker har tilknyting til folk og forhold i Jotunheimen, mellom anna bøkene om Gjendine Slålien, Jo Gjende, Eiliv Sulheim og Åsmund Elvesæter. Han skriv som oftast bokmål, men har òg gitt ut bøker på nynorsk. Manuskripta skriv han først med blyant.
I 1969 vart han heidra med Austmannaprisen av Austmannalaget, i 2000 fekk han Kulturprisen for Gudbrandsdalen, og i 2005 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.
Kjelder
Aud Mollan: «Alltid nysgjerrig på medmennesker», Adresseavisen 14.10.2009
«70 år 14. oktober: Forfatter Arvid Møller». NTB 22.9.2009
Einar Solvoll: «Henter fram hverdagshelter», Aftenposten 14.7.2001
Nils E. Øy: Pressefolk 1997. Institutt for Journalistikk, Oslo 1998
Norsk bokfortegnelse: http://www.nb.no/baser/norbok/ [lesedato 25.11.2011]

Først publisert: 26.11.2011
Sist oppdatert: 16.10.2019