Hopp til innhold
X
Innhald

Aslak Sira Myhre

Aslak Sira Myhre, kommentator, forfattar, fotballentusiast, tidlegare leiar for Raudt og direktør for Nasjonalbiblioteket frå 2014.

Aslak Sira Myhre er fødd 28. mai 1973 i Stavanger og bur no i Oslo. Han gjekk på Stavanger katedralskole i 1989–92 og studerte historie og sosialantropologi ved Universitetet i Bergen i 1993–96. Frå 1997 til 2003 var han partileiar i Raud Valallianse, og i 2003–06 var han dagleg leiar i Foreininga !les. Frå 2006 til 2014 var han dagleg leiar for Litteraturhuset i Oslo, og i 2014 blei han utnemnd til direktør ved Nasjonalbiblioteket.
 
Han har gitt ut fleire bøker om politikk og fotball. I 2006 kom En faktahest om politikk, og same året kom fotballboka En god dag for fotball. Den politiske essaysamlinga Herskap og tjenere kom i 2010, og Hjemmakamp (2013) handlar om fotballklubben Viking. Sira Myhre har òg skrive for mange aviser og tidsskrift, mellom anna Stavanger Aftenblad, Klassekampen, Dagbladet, Dagsavisen, Samtiden, Aftonbladet og Washington Post, og han har vore ekspertkommentator for fotballsendingane til NRK. Kommentarane hans til 22. juli 2011 er blitt omsette til meir enn tjue språk.
 
Sira Myhre var politisk aktiv på venstresida i ei årrekkje, nekta å gjennomføre førstegongstenesta og tok saka gjennom rettssystemet og fekk domsutsetjing. Han tok aktivt del i studentaksjonar ved Universitetet i Bergen og i sivil ulydnad i midten av 1990-åra. Sira Myhre var leiar av Bergen Raud Valallianse (RV), bystyrerepresentant for RV (no Raudt) i Stavanger 1999–2003 og partileiar for RV i 1997–2003. Som politikar var han ein grundig og eminent debattant. Han la vekt på klassedimensjonen i politikken og kritiserte venstresida for å ta for lett på problematikken med økonomisk vekst.
 
Han var leiar for styret ved Stavanger katedralskole i 1991–92 og styremedlem ved Universitetet i Bergen i 1996–97. Han fekk Eckbos legaters kulturpris i 2008 for arbeidet sitt i Foreininga !les og på Litteraturhuset.
 
Kjelder
«Aslak Sira Myhre blir ny direktør for Nasjonalbiblioteket», regjeringa.no: http://www.regjeringen.no/nn/dep/kud/pressesenter/pressemeldingar/2014/Aslak-Sira-Myhre-blir-ny-direktor-for-Nasjonalbiblioteket.html?id=760917 [lesedato 30.5.2014]
 
Peikarar

Først publisert: 28.01.2015
Sist oppdatert: 08.01.2016