Hopp til innhold
X
Innhald

Aslaug Groven Michaelsen

Aslaug Groven Michaelsen er forfattar og litteraturhistorikar.

Aslaug Groven Michaelsen, fødd i 1926, er forfattar og litteraturhistorikar, og ho var professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Trondheim i åra 1980–96. Michaelsen har skrive fleire romanar, mellom andre Draugen ler (1953), Bryllupet på Arken (1955), De som var fjorten (1968), Havfruen og hjulet (1987), i tillegg til noveller og essay. Fagboka Den gyldne lenke. Norsk litteraturutvikling og det harmoniske imperativ kom ut i 1977. Michaelsen var i fleire år knytt til Suttungteateret. I 1997 kom Apalen – Festskrift til Aslaug Groven Michaelsen.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.04.2016
Sist oppdatert: 28.04.2016