Hopp til innhold
Foto: Anders Bergersen
Foto: Anders Bergersen
X
Innhald

Benedicte Maurseth

Benedicte Maurseth, musikar, komponist og skribent.

Benedicte Maurseth er fødd 7. februar 1983 i Eidfjord i Hardanger. Ho byrja å spele hardingfele som sjuåring, med Knut Hamre som lærar. I tillegg til studiar ved Universitetet i Bergen (grunnfag i kunsthistorie) var ho i perioden 2004–06 student ved Ole Bull-akademiet på Voss, og i tillegg til hovudinstrumentet hardingfele spelar ho barokkinstrumentet viola d'amore. Ho er også kvedar. Maurseth arbeider i dag som frilansmusikar med base i Bergen og har sidan 2005 hatt omfattande konsertverksemd nasjonalt og internasjonalt (mellom anna i USA, Canada, India, Tyskland, Belgia og på Island), både som soloartist og i samspel med andre.
Saman med Knut Hamre, Nils Økland og Sigbjørn Apeland gav Maurseth i 2006 ut Rosa i botnen (CD og dokumentar-DVD), ein produksjon med tradisjonsmusikk frå Hardanger framført på hardingfeler frå 1600- og 1700-talet. Dette er dei eldste hardingfelene som er bevarte, og det var første gongen dei blei brukte ved ei plateinnspeling. I 2008 stod Maurseth saman med Berit Opheim, Åsne Valland Norli og Kristin Skaare bak plateprosjektet Fodne ho svara so stilt, som er bygd på folkemusikk frå Hardanger samla inn av Geirr Tveitt. I 2009 komponerte ho ny musikk til ein teaterversjon av Jon Fosse-teksten Andvake, og ho stod sjølv på scenen saman med skodespelar Svein Tindberg. Musikken hennar herfrå ligg til grunn for den første soloplata hennar, Alde (2010). Ho har òg ved fleire høve opptredd saman med Fosse sjølv. Saman med Gabriel Fliflet, Stein Urheim, Kristoffer Voght og Per Jørgensen gav Maurseth ut plata Åresong i 2011, med Fosse sine songtekstar. Åresong var eit tingingsverk til Festspillene i Bergen i 2010.
Maurseth blei i 2007 kåra til Årets unge folkemusikar, ei utmerking som inkluderer det toårige lanseringsprogrammet INTRO-folk. Ved tildelinga framheva juryen også dei sceniske eigenskapane hennar. Ho har fast folkemusikkspalte i Dag og Tid.
Kjelder
E-post frå Benedicte Maurseth 9.11.2010
Agnes Ravatn: «Mellom det konkrete og det uforklarlege», Dag og Tid 15.2.2008
Peikarar
Nettstaden til Benedicte Maurseth

Først publisert: 09.11.2011
Sist oppdatert: 04.09.2013