Hopp til innhold
Benito Mussolini. Foto: www.bild.bundesarchiv.de
Benito Mussolini. Foto: www.bild.bundesarchiv.de
X
Innhald

Benito Mussolini

Benito Mussolini var med på å starte den fascistiske rørsla. Frå 1925 tok fascistane all makt i Italia, med Mussolini som autoritær leiar. I 1940 førte han landet inn i andre verdskrigen på tysk side.

Benito Mussolini var fødd 29. juli 1883 i Predappio og vart avretta 28. april 1945. Han arbeidde som lærar og journalist og vart først engasjert politisk som radikal sosialist. Mussolini braut med sosialistane på grunn av krigsmotstanden dei stod for, ved inngangen til første verdskrigen.

I 1919 etablerte Mussolini det fascistiske partiet, og i 1922 vart han etter ein maktdemonstrasjon frå fascistiske aksjonistgrupper under «marsjen mot Roma» leiar for ei samlingsregjering. Fascistiske aksjonistgrupper heldt fram med å terrorisere politiske motstandarar også etter at Mussolini vart leiar for samlingsregjeringa.

Sommaren 1924, etter drapet på den leiande sosialisten Giacomo Matteotti, sprakk koalisjonen. Men dei mange motkreftene mot Mussolini makta ikkje å samle seg, og då Mussolini ope tok ansvar for både mordet på Matteotti og den fascistiske valden i 1925, hadde fascistane teke den absolutte makta i Italia. Ytringsfridomen vart avskaffa og politiske motstandarar forfølgde. Det fascistiske diktaturet hadde vorte ein realitet. Makta til Mussolini vart noko innskrenka etter ein avtale med paven i 1929, men avtalen gav han sterkare støtte i det katolske Italia.

Trass i den imperialistiske tenkjemåten førte Mussolini først ein forsiktig utanrikspolitikk. Frå midten av 1930-åra endra dette seg. Erobringa av Etiopia i 1935–36 og annekteringa av Albania i 1939 synte ambisjonane. Frå 1936 vart banda til Hitler-Tyskland tettare, og dei støtta begge opprørshæren under den spanske borgarkrigen. I 1939 signerte dei to maktene ein allianseavtale, og i juni 1940 erklærte Mussolini krig mot Frankrike og Storbritannia. I slutten av oktober gjorde dei italienske styrkane eit mislukka angrep på Hellas, noko som synte at den italienske hæren mangla styrke.

Eit mislukka felttog i Afrika og dei allierte styrkane sin landgang i Sør-Italia i 1943 gjorde at Mussolini vart avsett og fengsla. Tyske troppar fekk sett han fri, og Mussolini var ein periode leiar for ein fascistisk republikk i Nord-Italia, med sete i byen Salò. Då republikken fall saman, prøvde Mussolini å flykte til Sveits, men han vart oppdaga og fanga av den italienske motstandsrørsla. Dagen etter vart han skoten, utan at det vart ført noka rettssak mot han.

 

Kjelder

Hans Fredrik Dahl: Hva er fascisme? Et essay om fascismens historie og sosiologi. Oslo 1972

Jan Palmowski: A Dictionary of Contemporary World History. Oxford 2004

Henning Poulsen: Aschehougs verdenshistorie, bd.13: Fra krig til krig 1914–1945. Oslo 1982

 

Giuseppe Finaldi: «Mussolini, Benito (1883–1945)», The Encyclopedia of War, onlinelibrary.wiley.com: https://onlinelibrary.wiley.com/doi/abs/10.1002/9781444338232.wbeow434 [lesedato 26.11.2018]

Senter for studier av Holocaust og livsynsminioriteter: «Fascisme», hlsenteret.no: https://www.hlsenteret.no/kunnskapsbasen/folkemord/folkemord-under-nazismen/bakgrunn/ideologi/fascisme.html [lesedato 30.10.2018]

Først publisert: 27.03.2019
Sist oppdatert: 27.03.2019