Hopp til innhold

Bjarne Myrstad

Bjarne Myrstad, journalist, forfattar og informasjonsarbeidar. Han skreiv reportasjar frå båtane på feltet, artiklar om fiskeripolitikk og bøker om kystkultur, og han ville gjere nynorsk til «bynorsk».

Bjarne Myrstad var fødd 14. juni 1948 i Selje og døydde i Oslo 7. januar 2019. Han tok examen artium ved Kristelig Gymnasium i 1948 og eksamen ved Volda lærarskule i 1971. Deretter arbeidde han som journalist, redaktør og informasjonsarbeidar.

Han byrja ved Nynorsk Pressekontor i 1971 og vart i 1974 tilsett som redaktør i Dag og Tid. Frå 1979 var han frilansjournalist, før han i 1983 tok til i Bergens Tidende, der han hadde ansvar for stoff om fiskeri og havbruk.

I 1990 gjekk vegen vidare til Fiskeridepartementet. Han var informasjonssjef der fram til 2007 og deretter seniorrådgivar til 2015. Som seniorrådgivar hadde han mellom anna ansvar for klart språk og meir bruk av nynorsk i departementet.

Bjarne Myrstad skreiv fleire bøker med emne frå fiskeri og kystkultur. Vestlandsfiske kom ut i 1996. To år seinare kom Han Hallstein – storbasen på land, ein biografi om Hallstein Rasmussen, generalsekretæren i Noregs Fiskarlag, som seinare vart fiskeridirektør. Utstillingsvindu og møteplass, ei bok om fiskeri- og havbruksmessene i Noreg, med tittel på bokmål og innhald på nynorsk, kom i 2000.

I 1973 skreiv han bidrag til historia om Bygdelagssamskipnaden i Oslo. Som pensjonist arbeidde han med slektsgransking og gav i 2017 ut Glimt frå ei slektshistorie.

Bjarne Myrstad vart tidleg ein forkjempar for nynorsk. I 1966 starta han mållag ved Kristelig Gymnasium under slagordet «gjer nynorsk til bynorsk». Laget vart ein suksess. Han var i unge år aktiv i Norsk Målungdom og var leiar for Kringkastingsringen i 1979–81.

 

Kjelder

Olaf Almenningen ofl.: Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981

Aani Rysstad ofl. (red.): «... allsidig stoff til avisene». 25 år med Nynorsk Pressekontor. Oslo 1994

Ivar Seierstad: Kristelig Gymnasium 1913–1988. En plogspiss for friskolesaken i Norge. Oslo 1988

Tormod Strømme og Marit Aakre Tennø (red.): Med hjartet på rette staden. Kringkastingsringen 50 år 1955–2005. Oslo 2005

Stein Malkenes: «Bjarne Myrstad», minneord, Firda 16.1.2019

NTB: «Bjarne Myrstad 70 år», Stavanger Aftenblad 13.6.2018

Kjetil Tandstad, minneord, Bergens Tidende 11.1.2019

Kjetil Tandstad: «Bjarne Myrstad 70 år», Bergens Tidende 14.6.2019

 

Peikarar

Bjarne Myrstad: Vestlandsfiske, nb.no

Bjarne Myrstad: «Bygda i byen. Oslo Fylkeslag. Bygdelagssamskipnaden i Oslo 1923–1973», nb.no

Først publisert: 09.05.2019
Sist oppdatert: 09.05.2019