Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørnar Moxnes

Bjørnar Moxnes, sosiolog, bystyrerepresentant for Raudt i Oslo bystyre og partileiar i Raudt sidan 2012.

Bjørnar Moxnes er fødd 19. desember 1981 i Oslo. Han gjekk på Oslo katedralskole i 1997–2000 og er utdanna sosiolog ved Universitetet i Oslo frå 2010. Masteroppgåva hans har tittelen Med makt i bagasjen – en studie av politikerelitens yrkesmobilitet. I 2002–04 arbeidde han som organisasjonssekretær i Raud Ungdom.
Moxnes var leiar av Raud Ungdom i 2004–06. I 2007 blei Raud Ungdom dømd i høgsterett for å lagt ut skulebøker til gratis nedlasting, som ein politisk aksjon, då Moxnes var leiar. Han blei vald inn i arbeidsutvalet til Raud Valallianse (no Raudt) og i landsstyret då partiet Raudt blei stifta i 2007. I 2010–12 var han nestleiar i partiet, og han blei vald til leiar i 2012. Ved kommunevalet i 2007 blei han vald til vararepresentant for Raudt i bystyret i Oslo. Han fekk fast plass i 2011, og han er leiar for partiet si gruppe i bystyret.
Moxnes vil arbeide for at Noreg skal bli ein fredsnasjon, for økonomisk omfordeling og for grøn næringspolitikk, og han vil appellere til arbeidsfolk og sikre rettane i arbeidslivet. Målet var å få Raudt tilbake på Stortinget, der partiet sist var representert i perioden 1993–97. Raudt lukkast ikkje med det ved stortingsvalet 2013. Bjørnar Moxnes mangla omlag to tusen stemmer på å verte innvald til Stortinget.
Kjelder
Ingvil Teige Stiegler på tv2.no: «Bjørnar Moxnes (30) er Rødts nye leder»: http://www.tv2.no/nyheter/politisk/bjoernar-moxnes-30-er-roedts-nye-leder-3774544.html?utm [lesedato 4.3.2013]
Peikarar
«– Det verste jeg vet er slike Petter Pilgaard-typer», portrettintervju på dittoslo.no

Først publisert: 15.08.2013
Sist oppdatert: 25.09.2013